Sommaren då alt og alle sprang oppover
Motbakkebølgja når stadig nye høgder! Kven hadde for nokre år sidan drøymd om å få oppleve at 1300 menneske samstundes ville gå og springe frå Nordfjorden i Loen til toppen av fjellet Skåla 1848 moh? Kven hadde trudd at det berre i Sogn og Fjordane skulle bli ti ulike motbakkefjelløp på fem år, og at folk går ”mann av huse” i bygdene på Vestlandet for å slå deltakartalet i motbakkeløpet i nabokommunen? Det er no 40 motbakkeløp Noreg rundt, og det var berre ei handfull for nokre år sidan. Kor skal dette ende?


Av Christian Prestegård

Reportasjane frå oppturane rundt om på Vestlandet har vore prega av enorm entusiasme og begeistring. På kondis.no kan du sjå store fotoreportasjar av jublande og glade menneske i alle aldrar og fasongar på opptur med praktfull utsyn og vidsyn frå fjelltoppane.

Slikt er smittsamt og deltakartala aukar raskare enn eg hadde drøymt om: 1300 på Skåla 1848 moh, 400 på Fanaråken 2068 moh, 800 på Saudehornet 1303 moh, 840 på Storehesten 1209 moh.

Dei som fyrst og fremst har laga showet og skapt den flotte og motiverande stemninga oppover i løypa og på toppen, er trimmarane som har starta på oppturane i god tid før konkurranseklassane. Sjå biletet der Anita Håkenstad Evertsen spring mot mål på Skåla. Der laga over 770 trimmarar saman med 514 konkurranseløparar den største folkefesten som nokon gong har vore så høgt til fjells i Noreg!

Motbakkedronninga og motbakkekongen

Den store oppturen for motbakkeløpa har ikkje minst vore ein kjempeopptur for
Anita Håkenstad Eversten, Øystre Slidre IL og orienteringsløparen Jon Tvedt, IL Gular. Både Anita og Jon, som dei siste åra hadde vore plaga med skadar, har gjennom oppsvinget for motbakkeløpa fått ei ny idrottskarriere.

Jo brattare terrenget er, jo meir suverene har dei to vore. I fjor vann dei begge NM i motbakkeløp i Skåla 1848 m rett opp i tøff konkurranse med dei aller beste motbakkeløparane i Noreg, og i årets NM kopierte dei sigrane i dei bratte bakkane opp Saudehornet i Ørsta.

I Noreg er det ingen nordmann som har klart å slå Jon Tvedt i motbakkeløp. I fjor blei han slegen av europameistaren Florian Heinzle frå Austerrike i Skåla Opp. I år har Jon vunne alle løpa han har sprunge.

Anita hadde vunne alle motbakkeløpa i Noreg (12 til saman) då ho møtte Kirsten Melkevik Otterbu, BFG Fana i Varden Opp 24. juni. Kirsten kom som lyn frå klår himmel og slo Anita i den raske motbakkeløypa på 7 km med 775 m høgdeskilnad. I NM og i Skåla Opp var Anita attende som motbakkedronninga med siger over Kirsten.

Rekordskred kvar helg

Anita og Jon har hatt eit travelt program i sommar, og spesielt etter NM i motbakkeløp i Saudehornet 1303 m Opp i Ørsta 5. august har det gått slag i slag. Overalt har det vore nye deltakarrekordar, og overalt har Anita og Jon sett nye løyperekordar. Den største forbetringa av nokon løyperekord i sommar kom veka etter NM. Då var målgangen heile 2068 moh, på Fanaråken ved Nord-Europas høgstliggjande turisthytte. Anita og Jon ville verkeleg teste forma i det som er NM-løypa 11. august neste år, og dei slo gamle rekordane i Turtagrø-Fanaråken opp med 7 og nesten 12 min då dei vann på 1.08.27 og 58.37.

Utklassing i Skåla 1848 m Rett Opp

To dagar før Skåla 1848 m rett opp blei eg intervjua av NRK Sogn og Fjordane ved Stein Jarle Aase som la intervjuet ut på Sogn og Fjordane-sida til nrk.no 17. august.
--------------------------------------------------------------------------
Les hele artikkelen i KONDIS!
 
Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer  i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
SEPTEMBER 2006
ÅRGANG 2006
KONDISARKIVET