Norsk trivsel i Sverige
Svenskane er flinke med løp. I sommar har eg hatt gleda av å vera med på både Karlstad Stadslopp og Kraftprovet, og dei er begge lette å like. Traseane er flotte der dei snor seg fram langs elver og kanalar. Publikum er entusiastisk til stades begge plassar.


Av Runar Gilberg

Kraftprovet i Trollhättan er eit årvisst innslag i festivalen ”Fallens dagar” som strekk seg over tre ljose og varme juli-dagar. Da blir slusane opna og vatnet i den store fossen i Trollhättan får flyte fritt.

Medan det i Karlstad blir sprungi for pers og gode 10 km-tider, er det 11,6 km lange Kraftprovet like kupert og krevjande som namnet tyder på.

Spesialtrening

Vi norske føler oss velkomne til begge desse svenske løpa, og ofte er det norsk dominans i teten. I Kraftprovet vann Kirsten Melkevik Otterbu for andre gong på rad. Har ein vunni ein gong får ein heltestatus, og i avisa for Fallens dagar i år kunne vi lesa: ”Fjolårets vinnare i damklassen Kirsten Melkevik Otterbu från Norge har spesialtrenat i Egypten för att komma tillbaka och försöka slå banrekordet.”

Ny løyperekord vart det ikkje på ei noko indisponert Melkevik Otterbu, men sigeren vart verdsett, og Bergens-jenta blir ganske sikkert invitert tilbake neste år. For å slå løyperekorden som alt er norsk og tilhøyrer Grete Kirkeberg.

Karl Johan Rasmussen tok fjerdeplassen i herreklassen, bak tre kenyanarar. Ei fin gjennomkøyring for Rasmussen, ikkje mange milene unna Gøteborg og maratonløypa i EM. Tre av dei ti første var norske, og særleg imponerte Varegg-veteranen Alemayehu Sitotaw som kom på femteplass, berre to minutt bak Rasmussen.

--------------------------------------------------------------------------
Les hele artikkelen i KONDIS!
 
Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer  i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
SEPTEMBER 2006
ÅRGANG 2006
KONDISARKIVET