Fin sesongstart for ungjentene
Fleire av dei beste mellom- og langdistansejentene var til stades da Friidrettsforbundet hadde treningssamling i Sandnes andre helga i juni. Kondis prata med tre av dei etter det innlagte elitestemnet der fleire imponerte.

Av Kristin Roset

Her kjem ei oppdatering på korleis Ingunn Opsahl, Karoline Bjerkeli Grøvdal og Silje Fjørtoft ser på sesongen når første del er unnagjort.

Ingunn Opsahl

Ingunn viste lovande takter då ho sprang inn til ein klar siger under elitestemnet i Sandnes. Etter å ha hengt seg fast i ryggen på haren Ragnhild Kvarberg til 1000 meter var det berre å lange ut dei siste 500 metrane. Det gjorde ho på ein elegant måte og kom inn på ny personleg rekord 4.31,37, og det i joggesko!

- Eg har slitt med beinhinnebetenning sidan august i fjor og kan difor ikkje bruke piggsko så mykje. Det gjer for vondt. Eg måtte også droppe NM i terrengløp på grunn av store smerter i beina. Men eg kan springe annakvar dag no, i ca. 40 minutt. Då prøvar eg å springe litt raskt. Dei andre dagane trenar eg alternativt, fortel ho.

Om sesongen seier ho.

- Eg må la beina bestemme kor mykje eg kan delta på bana i sommar. Eg håpar det kan gå bra, for eg ynskjer sterkt å springe fleire baneleøp. Det hadde vore moro å sette pers på 3000 m og gjerne på 1500 m ein gong til. Til hausten ser eg fram til NM terrengløp, seier Ingunn som fyller 18 år i august.

Karoline Bjerkeli Grøvdal

Isfjord-jenta er ikkje til å stoppe om dagen. Ho har på ei veke klart å sette to norske juniorrekordar på 3000 meter hinder. Først sprang ho på 10.15,8, og så sette ho likså godt enda ein rekord under elitestemnet i Sandnes på 10.10,26. Ho sprang heilt åleine dei siste rundane, då Kristine Engeset måtte sleppe.

- Det var veldig kjekt å springe inn til ny pers, men eg skulle gjerne sett at det var enda fleire jenter med. Det sakna eg, seier Bjerkeli Grøvdal som berre så vidt har fylt 16 år. Ho har mange mål for sommaren. Tre av dei er junior-NM, senior-NM og junior-VM i Beijing i august.

- Junior-VM kjem til å bli veldig spennande, men eg har høyrt at det er veldig høg luftfuktigheit der borte på den tida. Det kan bli ei utfordring, seier den tøffe jenta, som òg er eit kjempetalent i langrennsporet.

Silje Fjørtoft

Silje er endeleg i gang att med treninga etter at ho hadde eit avbrekk i mai på grunn av skade. På den første 1500 meteren for sesongen gjekk det bra unna då ho sprang inn til andreplass bak Ingunn Opsahl. Tida til Fjørtoft blei 4.43,85.

- Eg er bra nøgd med det, men veit at eg kunna sprunge raskare dersom eg hadde fått trena skikkeleg den siste månaden. Eg har slite med ein skade, og i tillegg har eg voldsamt hald. Det har eg hatt lenge, men ingen finn eigentleg ut av kva det skriv seg frå. Men eg er begynt å bli van med det, seier den blide jenta. Ho ser fram til Junior-NM i Bergen og til ei treningssamling i Tyskland saman med Engeset og Bjerkeli Grøvdal ut på sommaren.

- Då skal vi trene saman og delta på ei stemne i Mannheim. Det blir spennande, seier Fjørtoft.


Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
JUNI 2006
ÅRGANG 2006
KONDISARKIVET