Endeleg på rett veg
Er det noko han bestemmer seg for, satsar han alt. Det er ikkje snakk om å fullføre på halv åtte. Trond Idland nådde maratonmålet sitt i første forsøk. No ser han fram mot EM i Gøteborg.

Av Kristin Roset

Trond og maraton høyrer saman. Det er det ikkje nokon tvil om. Men det oppdaga han ikkje før i fjor haust. Under ei landslagssamling i Stavanger i november diskuterte han det å satse på maraton med Jørn Holmen og Leif Inge Tjelta. Dei siste åra på bane har nemleg ikkje vore den store suksessen for Idland. Kanskje løpssteget passa betre for lengre distansar utanom bane? Han var villig til å prøve.

Auka gradvis

- Det har ikkje gått slik eg ynskte på bana dei siste fem åra. Eg skjønar eigentleg ikkje kvifor. Treningane har for så vidt gått bra, så det må heller vere at baneløping ikkje ligg for meg. Det var derfor ikkje noko vanskeleg val å satse på maratontrening denne vinteren, seier Idland.

Og maratontrening har det blitt. Mengdene blei gradvis auka og asfaltløpinga lagt inn litt etter litt. Han har nesten ikkje vore sjuk, bortsett frå to korte opphald. Oppladinga til London Marathon kunne dermed ikkje bli betre.

- Det har gått veldig bra i heile vinter. Det var merkeleg å springe langturar og intervallar på asfalten i starten. Beina var temmeleg mørbanka i desember månad, men etter kvart gjekk det over, fortel han.

Sjølvtillit

2.16.09 har ikkje kome av seg sjølv. Gjesdal-guten har trena beinhardt sidan november. Løping morgon og kveld, til saman over 200 km i veka. Nokre dagar hardare enn andre.

- Laurdagsøkta kjennes godt, men er likevel ei økt eg likar. Etter litt prøving har eg funne ut at 6 x 10 minutt er perfekt. Då går eg ikkje lei undervegs. Langturen på tre timar søndag er også ein av dei viktigaste endringane mine. I fjor på same tid kunne eg aldri tenkje meg å springe så lenge i strekk. Då var halvannan langt nok, seier han.

Det er tydeleg at desse endringane har fungert for Trond. Han viste iallfall det under maratonløpet i april, men få trudde han ville klare målsetninga han hadde sett seg.

- Eg hadde trua på at eg skulle klare EM-kravet allereie i debuten, ja. Forma var god, og eg hadde testa meg på halvmaraton på trening tidlegare i vinter. Då sprang eg 1.07 lett som ingenting. Det gav meg sjølvtillit, seier Idland. Og sjølvtilliten drog han med seg inn i maratonløpet 23. april. Då stod han framfor ei knallhard oppgåve, der dei magiske tala 2.16.30 glimta i det fjerne.
-----------------------------------------------------------------------------------
Les hele artikkelen i KONDIS!

Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
JUNI 2006
ÅRGANG 2006
KONDISARKIVET