Kunsten å springe gradvis fortare
Somme løparar liknar hestane frå min eigen barndom – dei som var snåpast i heimvegen. Første del av turen var det knapt råd å få dei over i tråv, men når dei fekk snudd og vêra lukta av stallen, sleppte dei verkeleg kreftene laus.


Av Runar Gilberg


Vonleg dreier det seg om meir enn lengt attende til sofaen når løparar gradvis set opp farten. For mange er det ein eigen treningsform, å springe progressive turar.

Vi veit at mange av dei kenyananske løparane har slike turar på programmet, og den amerikanske trenaren John Kellogg opphøgar i ein av sine artiklar den progressive langturen nærmast til kunst – der ein bygger opp farten gradvis og finstemt og ein finn sin eigen flytsone. Springinga blir lystbetont balansekunst i staden for laktatmålt vitskap.

Mange av oss har prøvd det bevisst, eller det har berre skjedd – at farta byggjer seg opp undervegs på ein treningstur. Vi startar pent og pynteleg, blir varme, stegar ut litt meir og kjem etter kvart inn i eit driv som heilt klart ikkje er roleg, men som heller ikkje er slik at det blir ubehageleg. Mot slutten går det likevel fort, og skulle ein av oss uforvarande komma til å sjekke ei kilometertid, blir vi gjerne overraska over kor fort det går. Ein spring og kjenner seg avslappa og uovervinneleg samstundes.

Etterpå er vi berre godt slitne, ikkje tappa som etter ei knallhard intervalløkt. Klokka viser at det som starta så roleg, gav ei sterk sluttid, trass i at ein ikkje i ein einaste motbakke pressa så syra skvatt.

Intervall og konkurransar

Somme av oss spring mest alltid progressivt. Vi er seine startarar og treng tid på å komma opp i fart. Til og med intervalløktene har stigning undervegs. Ein gong har eg lesi at Hicheam El Gerouch hadde progresjon både frå drag til drag og innafor kvart enkelt drag når han sprang intervall. Med startnummer på brystet var han òg ein meister i gradvis å skru farta opp.

I konkurransar er det ofte den som evnar å springe progressivt som vinn – eller set rekordar. Da Catherina Ndereba sette verdsrekord på maraton, gjekk kvar av dei åtte 5 kilometrane fortare enn den førre.

Somme er så flinke til å auke farten gradvis, at konkurrentane ikkje merkar det før det er for seint. Det blir omtrent som i tittelen på diktboka til Bertrand Besigye, ”Å du dør så langsomt at du tror du lever”. Farten blir auka så gradvis at ein framleis trur det går sakte. Inntil ein – litt for seint – brått merker at så slettes ikkje er tilfelle.

Planlagt eller spontant

Men det er først og fremst som kontinuerleg springing på trening at den progressive turen kjem til sin rett. Somme gonger kan det vera planlagt, det står til dømes ”60 minutt progressiv langtur” i programmet, eller den progressive turen kan oppstå spontant. Det som i utgangpunktet var ein roleg tur, tek av. Ein kjenner seg lettføtt og verken pulsklokka eller dei åtte treningssonane til Olympiatoppen held ein tilbake. Ein stoler på kjensla, føtene og bringa. Dette er dagen, spring og kjenn deg fri. Farten kjem som ei gåve til deg, det er ikkje du som tvingar han fram.

John Kellogg, respektert amerikansk langdistansetrenar, kallar i sin artikkel ”Progressing To Peak Fitness” den progressive langturen eit nøkkelelement til å komma i form. Han kallar evna til å gjennomføre slike turar som ”the art of running” – kunsten å springe – som er ei vidareføring av den vetskaplege treninga.

Kellogg samanliknar springinga med musikk der kunstnaren gir stykket liv på ein heilt annan måte enn det ein programmert syntheziser kan gjera – sjølv om notene det blir spela etter i utgangspunktet er dei same. ”Mange kan spele alle notene, men likevel gå glipp av musikken,” skriv Kellogg.

Slik meiner han det òg er med springinga – det er ein kunst som krev innleving og evne til å lytte og sjå samanheng. Ein progressiv langtur er ingen kamp som på liv og død skal kjempast, det er ein magi som kan oppstå og som kunstnaren er flink til å leggje forholda til rette for.

Lengt mot fartsauke
........................................................
Les hele artikkelen i KONDIS!

Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
FEBRUARNUMMERET 2006
ÅRGANG 2006
KONDISARKIVET