Ny giv etter mykje motgang
Liv Miriam Nordtømme har gjennom fleire år hatt suksess i både friidrett og langrenn. Det ikkje så mange veit, er at den spreke jenta heldt på å legge opp all idrettsleg satsing så seint som i vår.

Av Kristin Roset

- Det var svært få som visste at eg ynskte å slutte, men dei næraste forstod at det var noko som ikkje stemte, seier Liv-Miriam. Ho er komen over den tøffe perioden og kan sjå tilbake på ein innhaldsrik sommarsesong på friidrettsbana.

Steinkjer-jenta sprang nemleg inn til sølv på 800 meter i NM i august. Tida blei så god som 2.06,55. Ho jubla av glede då sølvet var sikra, og smilet var like breitt heile helga. Hadde nokon fortalt ho at NM i Bergen skulle bli så bra for eit halv år tilbake, ville ho aldri trudd på det.

Langt nede

- Nei, i vinter og i vår var eg verkeleg langt nede. Eg ville eigentleg berre slutte med alt som heitte idrett, og eg let vere å trene i eit par månader. Eg levde eit meir normalt liv, var med venner, slappa av og lot vere å tenke på treningsprogram, seier Liv-Miriam.

Ho oppdaga likevel at eit par månader var nok. Det var noko som mangla i kvardagen då ho ikkje lengre drog på seg treningskleda og løpeskoa.

- Det gjekk etter kvart opp for meg kor mykje treninga betyr. Eg valde difor å begynne så smått igjen. Lysta var tilbake, og kroppen fungerte betre enn nokon gong, fortel ho.

Det var nemlig langvarig sjukdom som fekk Liv-Miriam til nesten å legge opp.

- Det heile starta med ein kraftig forkjøling etter ei påskesamling på Gran Canaria i fjor. Sjukdommen sette seg skikkeleg, og då eg reiste til Frankrike på ny samling var eg ikkje heilt bra igjen. Eg trena likevel hardt, kanskje litt fort hardt. For då det gjenstod eit par dagar av samlinga, fekk eg så forferdeleg vondt i leggane. Då hadde eg klart å pådra meg beinhinnebetennelse.

Eg tok det dermed med ro ei lita stund slik at smertene forsvann, men då eg skulle begynne treninga att, balla det berre på seg endå meir. Bakterieinfeksjon var då det nye på menyen, fortel Nordtømme, ein tanke oppgitt.

Sidan sommaren allereie var godt i gang, valde ho å droppe friidrettskonkurransane for å heller bli frisk til hausttreninga og førebuinga til skisesongen.

Høgdesamling

Ho tok det store steget ut og flytta frå familien til Meråker. No skulle ho klare seg sjølv saman med kjærasten og sambuaren Chris Jespersen. Langrennsmiljøet var godt og motivasjonen kom sigande tilbake.

- Kroppen var begynt å ta seg att, og gleda ved å trene var på plass igjen. Noko av programmet for hausten var høgdesamling så vi drog til Val Senales. Der gjekk det to dagar før kroppen slo seg vrang att, og sjukdom var eit faktum. Eg måtte likevel bli der under heile samlinga, noko som gjorde meg heilt utkøyrd. Det enda med at eg måtte starte heilt på nytt att etter heimkomsten. Det blei berre tull, seier Liv-Miriam trist.

Skisesongen starta, men Liv-Miriam fekk det ikkje til å stemme i løypa. Kroppen jobba konstant mot ho, og motivasjonen forsvann totalt. Ho gjekk mest fordi ho følte at ho måtte.

- Lysta var langt borte, difor valde eg til slutt å berre legge alt på hylla og heller håpe på at saknet etter treninga skulle kome. Hadde nokon sagt til meg på det tidspunktet at eg skulle ta sølv på 800 meter under NM i Bergen denne hausten, hadde eg blåse det bort. Formen var skikkeleg dårleg då eg starta på nytt att. Heldigvis var det ikkje så forferdeleg tungt å kome opp att på eit respektabelt nivå. Grunntreninga låg jo der, så det var berre å starte sakte men sikkert, seier den glade Steinkjer-jenta.

Tru på seg sjølv

Liv-Miriam er i gong med skisesongen, og ho fekk mellom anna ein fin ellevteplass på 10 km fristil i BUL-sprintens i slutten av november. Ho har ikkje delteke på høgdesamlingar denne hausten, men trur ikkje det skal bety noko for prestasjonane i skisporet.

- Nei, eg tør ikkje tanken på å reise opp i høgda etter det som skjedde i fjor. Det må gå bra utan også. Eg tar iallfall sjansen på det. Etter ein god haust med kontinuitet i treninga har eg stor tru på at det vil bli ein god sesong, seier ho og smiler stort.






Liv-Miriam Nordtømme


Alder: 21 år
Klubb: Steinkjer (friidrett), Henning Skilag (langrenn)
Studerer: Idrett grunnfag i Meråker
Idrettar: Friidrett og langrenn
Persar: 56,77 på 400 m, 2.06,34 på 800 m, 4.25,97 på 1500 m, 10.12,55 på 3000 m og 17.38,0 på 5000 m


Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med
KONDIS (Kondis utvider til 8 nummer i 2006)
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!


DESEMBERNUMMERET 2005

ÅRGANG 2005

KONDISARKIVET