Gir seg ikkje trass i motgang
Gradestokken viser 30ºC medan kalenderen fortel at vi er i slutten av januar. Vi er på treningsleir i Stellenbosch utanfor Cape Town. Kristin Roset (25) strålar om kapp med sola. Tydeleg at ho likar seg!

- Eg stortrivst når eg kan oppleve nye stader og treffe nye menneske, fortel ho.

Av Bjørn Johannessen

Reisinga er ei av dei mest positive sidene ved idretten ho likar så godt. Trass i mykje motgang og mange tunge stunder dei seinaste åra er ho stadig optimist og har trua på seg sjølv.

– Eg har framleis som mål å setje norsk rekord på 800 m, røper Kristin.

- Fortel litt om den idrettslege bakgrunnen og oppveksten din.

- Eg er oppvaksen i ein sporty idrettsfamilie, og var veldig aktiv som lita. Det gav meg ein god base og eit godt grunnlag. Foreldra mine støtta meg alltid. Først starta eg med langrenn som 7-åring, og då eg var 10, begynte eg med friidrett. I tillegg dreiv eg med turn frå eg var 8 til 10 år. Fram til eg var 17-18 år, heldt eg på med både ski og friidrett, men då bestemde eg meg for å kutte ut langrenn og berre satse på friidretten. I byrjinga var det 400 og 800 m eg likte best, men etter kvart starta eg med 1500 meter òg.

”Eg angrar på at eg slanka meg som 18-åring. Det gjorde at eg vart sjuk og øydela kroppen min. Dagleg merkar eg framleis konsekvensane av dette.”


- Korleis har karrieren din vore så langt?

- Det må vel seiast at den har vore litt opp og ned. Frå eg var 13 til 18 år, gjekk det meste på skinner, og eg hadde stor framgang og vann mykje. Det var veldig motiverande! Men så, då eg vart 18, kom problema. Eg vart sjuk av spiseforstyrring og sleit med det i to år, men klarte å komme tilbake som 20-åring. Hadde då nokre fine år frå eg var 20 til 23, men frå då av og fram til no har det vore mykje skadar og problem.

- Kva er det viktigaste for deg med idretten?

- Det er å ha det kjekt når eg spring. Det å konkurrere og trene, og også det sosiale ved å vere med i miljøet.

- Kva ser du sjølv på som den største idrettslege prestasjonen din?

- Det må vere to hendingar: Den fyrste var i 1999 då eg greidde å komme tilbake frå to år med sjukdom og vann NM-gull på 800 m. Det var ein stor personleg siger for meg. Den andre var i Irland i 2002 då eg kvalifiserte meg til EM på 1500 m. Då persa eg med 5 sekund på distansen. Den dagen stemte alt og kroppen fungerte som han skulle. Ei fantastisk kjensle.

- Har du oppnådd dei måla du har sett deg? Kvifor/kvifor ikkje?

- Nokre av måla mine har eg klart, men langt frå alle. Eg har hatt som mål å setje norsk rekord på 800 m og å komme til OL, men ikkje klart det på grunn av sjukdom og skadar. Men eg har framleis trua på at eg kan klare det dersom eg held meg skadefri og frisk. Eg må ha kontinuitet i løpinga skal eg komme meg vidare.

- Dersom du kunne levd om att og starta idrettskarrieren på nytt, er det då noko du ville gjort annleis?

- Eg angrar på at eg slanka meg som 18-åring. Det gjorde at eg vart sjuk og øydela kroppen min. Eg merkar framleis konsekvensane av dette dagleg.

Eg har også lurt på om eg kunne ha vorte betre som skiløpar dersom eg satsa på langrenn i staden for løping, men det er jo berre spekulasjonar.

”Eg har eit mål om å komme attende på idrettsbana i 2006 og setje personlege rekordar på 800 og 1500 m.”

- Kva meiner du er dei mest positive sidene ved idretten?

- Det er å vere ute i frisk luft og kjenne at kroppen fungerer og flyr av garde. Men også det å få reist og oppleve nye land og møte nye menneske er noko eg likar godt.

- Nokre negative sider?

- Kroppsfokuseringa. Det kunne det vore mindre av.

- Har du, eller har du hatt, nokre førebilete?

- Frå eg var 12 til 18 år og var skiløpar, var det Vegard Ulvang som var den store helten. No er det Gunn Rita Dahle. Ho verkar tøff og har klart å komme seg opp att etter å ha vore langt nede. Det står det stor respekt av


- Nokre idrettsprestasjonar du er særskild imponert over?

- Det er mange som har imponert meg, men eg kan jo trekkje fram Gunn Rita sine prestasjonar ved å ta OL-, VM- og EM-gull etter alle problema ho har hatt. Eg er også imponert over alle dei idrettsutøvarane som vert mødrer, og som klarer å komme attende på idrettsbana. Dei syner at det går an å leve eit normalt liv sjølv om ein er toppidrettsutøvar.

- Mål og planar for karrieren framover?

- Eg likar eigentlig ikkje å snakke høgt om måla mine, men eg har eit mål om å komme attende på idrettsbana i 2006 og setje personlege rekordar på 800 og 1500 m. Eg håpar også å få delta i ein stor meisterskap, men må ta tida til hjelp.

”Eg trena aldri mykje mengde, men sprang som oftast mellom 9 og 10 mil i veka.”

- Kva meiner du er dei viktigaste personlege eigenskapane ein må ha for å verte ein god løpar?

- Eg meiner ein må vere uredd, offensiv og respektlaus. Ikkje setje grenser, særskild ikkje under konkurransar. Ein må ha ei indre glede av løpinga. Ein må også tørre å prioritere treninga, men samstundes ha interesser utanom treninga og tørre å kvile om det er naudsynt.

- Styrkane dine?

- Eg er offensiv, uredd, sta og viljesterk.

- Og svake sider?

- Kan nok verte for ivrig og ha problem med å ta det med ro. Eg har òg store forventingar til meg sjølv under konkurransar og kan bli veldig skuffa om det ikkje går min veg.

- Korleis trena du då du var på topp? Treningsfilosofi?

- Eg hadde eit godt system på treninga og fekk sprunge jamt og trutt utan avbrekk. Eg trena med variert fart på intervalla, og hadde fartsvariasjon på alle økter. Det gjorde at treninga vart konkurranseretta sidan farta undervegs i ein konkurranse varierar. Eg trena aldri mykje mengde, men sprang som oftast mellom 9 og 10 mil i veka. Det er viktig at roleg trening går roleg. Som mellomdistanseløpar treng ein heller ikkje springe så langt på langturane. Ein time meiner eg er nok.

”Om ein går skada, er det lurt å gjere andre meiningsfulle og spanande ting for å få tankane bort frå treninga.”

- Nokre skadar?

- Før eg var sjuk, hadde eg aldri skadar, men på grunn av spiseforstyrringa fekk eg svekka beinbygging og dårlegare immunforsvar. Dette er årsaka til alle problema dei siste åra.

- Gode råd for å unngå skadar?

- Det er viktig med variert trening på variert underlag. Både det å drikke mykje og ete meir fett er godt for å smøre maskineriet. Restitusjon og det å ta til seg næring rett etter ei treningsøkt er òg viktig.

- Korleis halde på motivasjonen medan ein er skada?

- Om ein går skada, er det lurt å gjere andre meiningsfulle og spanande ting for å få tankane bort frå treninga og over på noko anna. Det er også godt å ha folk rundt seg som støttar ein. I mitt tilfelle har familien støtta meg og fortalt meg at no kunne det berre gå oppover.

- Noko anna du har lyst til å fortelje?

- Sidan vi no er i Stellenbosch i Sør Afrika vil eg seie at eg anbefaler denne staden til alle. Dette er eit treningsparadis som eg elskar!



Kristin Roset



Alder: 25 år
Bustad: Sandane i Sogn og Fjordane
Yrke: Journalist
Klubb: Gloppen FIL
Favorittøvingar: 800 og 1500 m

Personlige rekordar:
100 m 12,71
200 m 25,45
400 m 55,72
800 m 2.03,64
1500 m 4.10,56
3000 m 9.40

Merittar:
1996: sølv 400 m i junior-NM
1997: gull 400 m i junior-NM
1999: gull 800 m senior-NM
2000: gull 800 m senior-NM
2000: gull 800 m i junior nordisk
2001: gull 800 m i senior-NM
2002: forsøk 1500 m i EM
2003: bronse 800 m senior-NM
Andre idrettar: Langrenn
Andre interesser: Reising, skriving, venner, friluftsliv
---------------------------------------------------------------------


Bli medlem i KONDIS og få 7 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende

Juninummeret 2005


ÅRGANG 2005

KONDISARKIVET

Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!