”Mama mia, for ei dame”
- Eg er nauta sta og bestemt. Det må ein vere skal ein nå langt i dette gamet, seier Trine Pilskog på klingande Sunnmørs-dialekt. Ho trena målbevisst i fire år for å oppfylle ein draum om å delta i dei olympiske leikar. August i fjor sprang ho inn til ein 28. plass på 1500 meteren i Aten.

Av Kristin Roset

Trine sit komfortabelt på ein kafé i Stellenbosch i Sør Afrika. Det er steikande sol, og det er lite som minner om at vi er komne i januar månad. Saman med ein liten norsk gjeng er ho på treningsleir i dette løpeparadiset på andre sida av jordkloden. Trine er så vidt komen i gang med grunntreninga framfor neste sesong.

- Eg brukte ei stund på å bestemme meg om eg ville forsette ein sesong til. Sidan eg no er 32 år og har nådd målet om dei olympiske leikar, måtte eg finne ny motivasjon til å satse eit år til. Etter ei stund i tenkjeboksen bestemte eg meg for å springe vidare, seier den spreke Hareids-jenta.

Draumen

Ho har vist at det verkeleg går an å springe fort sjølv om ho har passert dei 30, og ho har vist at det nyttar å vere tolmodig.

– Eg har løpt sidan eg var 14 år, har opplevd både oppturar og nedturar gjennom idretten. Eg har prøvd forskjellige treningsmetodar og har hatt ulike trenarar, men eg fekk ikkje merkbar framgang før eg flytta til Italia. Trenar Romano Tordelli fann den perfekte treningsmetoden for meg, fortel Trine.

Og det skulle vise seg å bli oppskrifta som gjorde Trine sin draum verkeleg. I fjor sommar under Golden League-stemnet i Paris, kvalifiserte ho seg nemleg til dei olympiske leikar i Aten.

– Det var heilt fantastisk å klare kvalifiseringa. Eg gløymer aldri då eg sat og venta på tida mi etter løpet. Eg visste at eg var nær kravet, men ante ikkje om hundredelane var på mi side. Heldigvis viste klokka at eg hadde 5 hundredelar til gode, seier Trine. Ho sprang inn til den svært gode tida 4.05,75. Det er berre Grete Waitz som har sprunge raskare enn Trine i Noreg gjennom tidene.

Trine var ikkje heilt nøgd med innsatsen sin i Athen.

– Eg sprang i siste heatet og var temmeleg sikker på at det skulle bli høg fart i feltet. Dessverre blei det ikkje det, og eg kom meg naturleg nok ikkje vidare på tida 4.08. I tillegg merka eg at spenningsnivået før meisterskapet tok litt av piffen av meg. Kroppen var ikkje heilt seg sjølv då eg stod på startstreken. Men opplevinga var enorm, og eg hadde ein stor lokal heiagjeng på tribuna. Det var rørande, fortel den blide jenta.

Italia

Trine hadde truleg ikkje kome der ho er i dag utan at ho hadde flytta til Italia, men korleis enda ho opp der?

- Eg flytta til Italia og byen Recanati for fire år sidan. Det var kjærleiken som fekk meg på dei kantar. Eg møtte Dani då han studerte i Trondheim. Etter at vi hadde vore saman ei stund, flytta eg til Italia. Eg bestemte meg på den tida for å satse fullt og heilt på dei olympiske leikar, seier Trine.

Ho fortel om korleis det var å flytte til eit ukjent land, med eit anna språk og ein anna levemåte.

– Italienarane lever meir avslappa enn vi nordmenn. Her er familien veldig viktig. Ein samlast ofte rundt matbordet til både to og tre rettars måltid. Eg kunne i tillegg ikkje noko italiensk før eg kom, så eg måtte raskt lære meg språket. Det var eit lite kultursjokk i starten, men no går det fint. Eg kjenner meg nesten halvt italiensk, smiler Trine og kjem med eit ”mama mia” titt og ofte.

System på treninga

Trine har vore i noregstoppen på mellomdistanse i mange år. Ho har tatt både gull, sølv og bronse i NM opp gjennom tidene.......
------------------------------------------------------------------

Les hele artikkelen i KONDIS!

Bli medlem i KONDIS og få 7 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende

Juninummeret 2005


ÅRGANG 2005

KONDISARKIVET

Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!