Opp+til+Tryvann+er+det+mykje+fint+%E5+sj%E5.+Oslofjorden+speglar+seg+i+bakgrunnen.+
Opp til Tryvann er det mykje fint å sjå. Oslofjorden speglar seg i bakgrunnen.
Sola steika i nakken, den vesle brisen var medvind, og dermed kjentes det som om den varme lufta stod stille. I skuggen var det 28 varmegrader, men storparten av løypa gjekk i sola.

Varmen forhindra likevel ikkje at mange fekk ein fin tur. Dei fire kenyanske eliteløparane takla både favorittstempelet og løypa - sjølv om dei etterpå uttalte at traseen hadde vori veldig hard. Avstanden frå siste kenyaner til første norske løpar, Tormod Tjørnhom krympa òg ein god del mot slutten og var til slutt på 24 sekund. 46 år gamle Petter Antonsen imponerte stort med å vera berre 10 sekund bak Tjørnhom og over minuttet framføre skiløparane Tor Ruud Hofstad, Martin Sundby og Petter Skinstad.

Løyperekorden til Øystein Sylta på 20.19 vart slegen med over minuttet medan rekorden til Kirsten Melkevik Otterbu berga med dryge to minutts margin. Men så var det òg ei berre 17 år gamal jente som vann i år. Tuva Toftdahl viste at sigeren i Råskinnet ikkje var noko blaff, og Heming-jenta hadde 28 sekund til gode til Aase-Kari Eriksen på andreplass.

Deltakinga auka med om lag 40 prosent i forhold til i fjor. Dryge 340 sprang i konkurranseklassane, og 116 henta startnummer i trimklassen. Det vil seie at ca. 460 tok seg dei 5,4 kilometrane og 300 høgdemetrane frå Midtstuen til Tryvannstårnet.
 
Dei ti beste i kvinneklassen

1 431 Tuva Toftdahl Heming il 0:25:10
2 409 Aase Kari Eriksen sk vidar 0:25:38 0:00:28
3 183 Sharon Broadwell SK VIDAR 0:26:28 0:01:18
4 59 Marit Brennhovd SK VIDAR 0:26:42 0:01:32
5 278 Monika Kørra Løten Friidrett 0:26:49 0:01:40
6 175 Heidi Weng Driv IL 0:27:26 0:02:16
7 437 Sigrid Aas bull ski kajakk 0:27:36 0:02:26
8 129 Hege Njå Bjørkmann SK VIDAR 0:27:44 0:02:34
9 121 Mari Johanna Brox IF Eiker-Kvikk 0:27:54 0:02:44
10 103 Kari Madslien Nydalens Skiklub 0:27:56 0:02:46

Dei ti beste i herreklassen

1 351 John Sombol HES 0:19:10
2 350 Henry Kiplagat HES 0:19:35 0:00:25
3 349 Sammy Kurui HES 0:20:15 0:01:06
4 352 Richard Bartale HES 0:20:56 0:01:46
5 353 Tormod Tjørnhom Kristiansand IF 0:21:20 0:02:10
6 292 Petter Antonsen SK VIDAR 0:21:29 0:02:20
7 290 Tore Ruud Hofstad Lillehammer IF 0:22:32 0:03:23
8 439 Martin Sundby røa/team manpower 0:22:41 0:03:31
9 132 Petter Skinstad SK VIDAR 0:22:42 0:03:33
10 210 Jonas Hammer Lørenskog Fil 0:22:54 0:03:45

Alle resultat


Både TV2 sporten og NRK TVsporten laga reportasje frå Tryvann Opp!
Reportasjen på NRK vart send i Kveldsnytt.
Klikk HER så kan du sjå reportasjen på www.nrksport.no
Reportasjen ligg på NRK Nett-TV Sport.

Heimeside Tryvann Opp

Kondis.nos samleside for Tryvann Opp

Tekst og foto: Runar Gilberg
To av dei fire kenyanerane - i starten av brattbakken
I den brattaste kneika like nedanfor Frognersetra hadde John Sembol (til høgre) og Henry Kiplagat fått ei klar leiing både til sine to lagkameratar og til resten av feltet. Dei såg uanfekta ut, men fortalte etterpå at både farten og bakkane hadde kosta.
Dei to kvassaste norske utfordrarane
Tormod Tjørnhom har i mange løp vist seg som ein sterk motbakkespringar. Det stadfesta han i dag, og her har han fått ei lita leiing til Petter Antonsen - som aldri sluttar å imponere.
Tore Ruud Hofstad har fått følgje av unggutten Jonas Hammer
Det er nok ikkje blomane ved stien dei studerer. Her er det så bratt at mange valde å gå - utan å tape alt for mykje på det. Tore Ruud Hofstad og berre 16 år gamle Jonas Lurås Hammer held seg springande. Ruud Hofstad vart nummer 8 og Lurås Hammer nummer 10.
Skiløpar Martin Sundby driv alternativ trening
Martin Sundby, som ifølgje langrenn.com nyleg slo mange sterke skiløparar i eit testrenn på Sognefjellet, avanserte i feltet undervegs. Han nådde no Tryvannstårnet som åttandemann, 3.31 bak vinnaren og 8 sekund bak skikompis Tore Ruud Hofstad.
Knut Bakken i sitt andre bakkeløp på ei veke
Sist helg sprang Knut Bakken fort ned frå Valdresflya i Fjellmaraton. No vart han nummer 11 totalt og raskast av alle over 40 år.
Harald Solhaug Næss på toppen av kneika
Traseen i Tryvann Opp er variert med både bratte og slake strekk. Størstedelen går på grus- og kjerreveg, men det er òg parti med sti og plankespringing. Her kunne Solhaug Næss hatt god utsikt - om han hadde snudd seg.
Idyllane kjem tett - og Frognersetra er eit landemerke
I Tryvann Opp får ein med seg mange ting verdt å sjå. Her kan dei med sansen for gammal byggjeskikk roe ned ei aning og nyte.
Oslo - ein by omgitt av natur
Det blir sagt at det beste med Oslo er det som er ikring han - skogen på tre sider og fjorden på den fjerde. Her kan løparane gløtte til høgre og sjå den byen dei har teki ein pause ifrå.
Sigerskvartetten halvannan time før start
Kondis tok sjansen på å ta sigersbiletet nede ved Midtstuen ei god stund før start. Mistanken om firedobbelt kenyansk slo til, og vi ser frå venstre: Richard Kipkoros Bartale (nr. 4), John Sombol (nr. 1), Sammy Kipkurui (nr. 3), Henry Kiplagat (nr. 2).
Tore Eidaas var først til mål i startpulje ein
Jentene og gutta over 50 hadde sin eigen startpulje, 20 minutt før resten. Tore Eidaas var raskast i det feltet, og her har han vorti heia på av ein av dei beste triatletane i landet for nokre år sidan, Trond E. Hansen.
Tetduoen like før passering Holmenkollen
Halvannan km er unnagjort, og Merethe Helgheim leiar føre Tuva Toftdahl. Seinare skulle Helgheim, som i fjor tok bronse i NM motbakkeløp, få trøbbel. Ho tok seg til mål på tolvteplass, men kollapsa etter målpassering og vart sendt på sjukehus. Heldigvis gjekk det bra med Helgheim som ikkje hugsar siste delen av løpet, men som er i godt vigør igjen.
Mons Bale og Monika Kørra leiar an i hovudfeltet
Mons Bale (304) vart nummer to i menn 50-54 år, etter Tore Eidås. Monika Kørra ligg her som nummer tre av jentene, og til slutt vart det femteplass på den allsidige jenta fra Løken. I kvit caps i midten ser vi Sharon Broadwell som endte som nummer tre.
Roleg opning - sterk avslutning på Aase-Kari Eriksen
Ut frå start låg Aase-Kari Eriksen eit godt stykke bak dei jentene ho i mål skulle komma til å vera langt framføre. Berre Tuva Toftdahl heldt unna for Vidar-jenta. Bak ser vi klubbvenninnene hennes, Marit Brennhovd og Hege Njå Bjørkmann, som vart nummer fire og åtte.
Glade palljenter
Vinnartrioen blir stelt godt med i Tryvann Opp. Det vanka både sjekkar og gåvekort til Aase-Kari Eriksen, Tuva Toftdahl og Sharon Broadwell.
Christian Prestegård passerer Holmenkollen kapell
Utan Christian Prestegård ville nok både Tryvann Opp og mange andre motbakkeløp mangla. I dag kunne "oppturgeneralen" glede seg i løypa saman med mange andre motbakkeelskarar.
Kapellet frå ein annan vinkel
Det peikar oppover og kan passe godt som motbakkesymbol - kapellet i Holmenkollen.
Arjen Punter - spring med smilet om munnen
Han var ikkje av dei første i mål, men gleda hadde han i seg heile vegen.
Så hadde det òg vori ein solskinsdag av dei sjeldne - i liene der blomane vinkar og høgda let seg vinne.