Tre løparar, tre medaljar. Den kabalen skulle gå opp, og fordelinga vart heilt som forventa. Det var berre avstanden løparane i mellom, som overraska:

 
10000m Kvinner

-----------------------------------------------------
1 381 BENTE LANDØY Haugesund IL 34.14,78
2 382 KIRSTEN M OTTERBU FIK BFG Fana 34.19,20
3 379 SOLVEIG PEDERSEN Kristiansand IF 37.22,27


Samleside for Senior-NM


Etter løpet var Bente Landøy klar på at det ikkje dreidde seg om noko lureløp frå hennes side:

- Eg prøvde springe så fort eg kunne og sleppte ikkje Kirsten innpå meg med vilje. Men mot slutten følte eg at eg hadde ein slags kontroll, sjøl om hamstringsskaden eg slit med, gjer det vanskeleg å springe fort, fortalte Bente som ikkje har fått den sesongen ho håpa på nettopp på grunn av stram muskulatur i hofte og lår.
Først hong Kristin på Bente. Så, etter om lag 3000 m måtte ho sleppe, men luka vart aldri større enn ca. 15 m. Da to tredeler av løpet var unnagjort, begynte Kristin å ta innpå, og ikkje lenge etter var luka tetta og Bergens-kvinna i tet. Bente lada opp til spurten i rygg og hadde eit gir som ikkje Kristin hadde. Men mange let seg imponere av 34 år gamle Otterbu som berre har drivi konkurranseidrett eit par år.
Solveig spring åleine inn til bronse
Solveig Pedersen er van med medaljar frå både norske og internasjonale meisterskap. Men det er helst med ski på føtene. På 10000 m fekk ho eit heller einsamt løp i regnet. I jamt driv sprang ho inn til bronse. Neste år får vi vone at fleire vil kjempe om medaljane på 10000 meteren.
Feltet nesten samla...
Seks sju rundar frå mål er feltet så godt som samla. Kristin er i ferd med å ta att Bente, og Solveig er nettopp teken att med to rundar. Slik heldt dei det gåande, 25 rundar på ein raud bane ved ein liten skog i ein kystby langt mot vest. Ein vakker by med glade folk som strevar frå tidleg morgon til sein kveld for at friidrettsfolket skal få feire seg sjølv ei heil helg til endes.