5000 m starta like etter at regnet kom til Florø. Det meldte seg under opningsseremonien, og det kom i strie straumer. Men under 5000 m var nedbøren moderat, og det var òg farten i starten. Det gjorde imidlertid Henrik Sandstad noko med, og i mål var tida ikkje så galen, 14.27. To gav seg undervegs, 11 kom til mål.


5000m Menn

------------------------------------------------
1 112 HENRIK SANDSTAD SK Vidar 14.27,15
2 108 TROND IDLAND Gjesdal IL 14.35,92
3 121 TERJE OLSEN Heimdal IF 14.36,25
4 110 BJARTE VIK Gjesdal IL 14.36,62
5 117 JON ANDRE PRESTSTULEN IK Tjalve 14.44,17
6 113 THOMAS S GABRIELSEN Kristiansand IF 14.55,72
7 109 TERJE CHARLES AGGVIN Gjesdal IL 14.56,55
8 120 MARTIN KJŽLL-OHLSSON Ås IL 14.57,59
9 116 JAN CHR. KALTENBORN IK Tjalve 15.11,12
10 124 TORE SAND-HANSSEN Modum FIK 15.25,72
11 119 STIAN STENSLAND Ås IL 15.49,30
111 RUNE HAUG Lillehammer IF DNF
115 ENDRE EVENSEN IK Tjalve DNF


Samleside for Senior-NM

Henrik Sandstad med klare meningar i Trønder-Avisa
Feltet samla etter 200 m
Det var ingen som rykka frå start av. Berre ei sakte avskaling bakfrå. Her ser vi Endre Evensen leie an ut på første langside. Gullvinnar Sandstad har lagt gøymd seg godt inne ved lista medan sølvvinnar Idland alt har funni sølvplassen. Terje Olsen opna veldig kontrollert og jobba seg gradvis framover i feltet. Her ligg han i svart Heimdalsdrakt inne ved lista.
To fullførte, to resignerte
Både Endre Evensen som drog i starten, og Rune Haug som her ligg på fjerdeplass, gav seg undervegs. Det gjorde ikkje Trond Idland og Jon Andre Presstulen. Idland hadde rett nok ein svak periode etter at han måtte sleppe Sandstad, men kom med ein durabeleg spurt på sisterunden og berga sølvet. Preststulen sprang eit jamt godt løp og fekk fjerdeplassen.
Henrik Sandstad tek kommandoen - og held den
Da Henrik gjekk i tet var det ein bestemt kar vi såg. Det var ikkje noko rykk som avgjorde løpet, berre ei malande kvern som gjorde at stadig fleire måtte sleppe. Trond Idland og Bjarte Vik (110) prøvde og henge med, og Bjarte klarte det ganske lenge. Men til sist måtte også han gi tapt. Truleg er Bjarte sine sjansar større på sundag når det er 10000 m. Det er ein distanse Vik har spesialkompetanse på.