Det var over 800 deltakarar i løpet denne strålande dagen. Dei aller fleste stilte i trimklasse og gjekk rundt fjorden, men det var 60 som sprang på tid. Dette er ei dobling frå i fjor. I Balestrand har dei verkeleg klart å få trimmarane med, og i det fine veret var det eit stort og livleg publikum ved mål, også når me som var litt tyngre i røvi kom inn ei god stund etter vinnarane.


Hilde Mæhlum (biletet over) frå Vik IL vann dameklassa for 4. år på rad. Fatet fekk ho til odel og eige etter 3 løp. Etter Hilde Mæhlum kom Kristin Brøndbo på 34.00 og Kari Rønnestad på 36.22.


Syskenparet Brøndbo frå Mosvik i Trøndelag var på helgebesøk hjå besteforeldre i Høyanger og nytta høvet til ein tur rundt Esefjorden. Joachim Brøndbo frå Mosvik i Trøndelag vann herreklassa på 26.19. Dette er beste vinnartid sidan 1998. Han er elles kåra av Kondis til "årets juniorløper" både 2002 og 2003.


Odd Arild Løseth hadde nest beste tid, 28.20.


Sindre Hoff sprang på 29.15 og vart nr. 3 totalt


Odd Rognebakke, nr 4 totalt og klassevinnar i M40-44, 30.01.



Odd Inge Gjeraker (over) er den einaste som har fullført Esefjorden rundt alle 25 gongene. Det var Odd Inge og Anders K. Thue som tok initiativet til løpet. Esefjorden rundt er ein nokså livskraftig jubilant, sjølv om også dette løpet har sett større deltakartal tidlegare.

Skal eit løp overleva dei harde tidene for landevegsløp, må det vera dette. Det må vera ein av dei finaste traseane eit løp kan ha, det er eit prikkfritt arrangement og det er fin premiering. Ein ekstra honnør fortener arrangørane for rask resultatservice. Sidan dei fleste arrangørar no har nettsider, forventar deltakarane at resultata kjem raskt ut, og i alle fall i løpet av kvelden. I Balestrand kom resultata på nettet før kl. 17, og løpet starta 14.15.


Fullstendig resultatliste på sidene til Esefjorden rundt