Mange påmelde på maratondistansen, men plass til fleire
Det nærmar seg fort: Løpet rundt Europas djupaste innsjø - Hornindalsvatnet (514 meter).
Pr. idag, onsdag 22. juli, er det påmeldt 87 deltakarar fordelt slik: 41 (maraton), 32 (halvmaraton), 6 (10 km) og 8 (minimaraton). Det mest gledelege er at det til no er påmeldt 9 kvinner som skal springe maraton..... Den "gamle" rekorden må ryke !!!!!!

Det som kanskje slår ein er at påmeldinga på dei kortaste distansane er så låg, men vi reknar med ein del etterpåmeldingar. Ei lita bøn til dei som har lyst til å delta: Send påmeldinga før laurdagen kjem !!!. Dette vil gjere at det er mindre stress for arrangøren og det vil med ein gong bli eit betre arrangement. Vi har venta i det lengste med å krevje inn etterpåmeldingsgebyr. Vi har vurdert det, men til no har deltakarane gått klar denne avgifta.

Ein liten nedslåande rapport idag: Premieleverandøren har lagt ned og kan ikkje levere dei fine glaspremiane som var tinga. På grunnlag av dette må premiane ettersendast, men deltakarane vil likevel motta medalje og ein fin diplom med motiv frå Hornindalsvatnet.

PRESSEMELDING sendt 14/7