Det blir konkurrert på fire ulike distansar, maraton, halvmaraton, 10 km og minimaraton (4.2 km)

Løypekart

STARTLISTE FØREHANDSPÅMELDE:

Maraton

Halvmaraton

10 km

Minimaraton

I tillegg er det høve til å starte på minimaraton utan tidtaking.
Det er også i år påmeldt deltakarar frå fleire land.

Helge Hafsås, Olden IL er framleis kongen med sine 13 sigrar på maraton og to sigrar på halvmaraton. Han er også påmeldt i år.

Det som kanskje er litt merkeleg er den sviktande førebelse påmeldinga på 10 km. Denne må då vere ei av dei flataste løypene som finst her i landet!!!! Den består av dei siste 5 km av maratonløypa tur/retur (eller omvendt rettare sagt).

Hornindalsvatnet maraton si heimeside

Fredag er det henting av startnummer og etterpåmelding (19.00-21.00) og pasta på Raftevolds Hotel

Laurdag er det henting av startnummer og etterpåmelding på Hornindal Idrettspark frå kl 08.30

Reportasje frå løpet i 2008

Samleside for Hornindalsvatnet maraton.

.....og så får vi håpe på ein laglegare temperatur i år - (30 grader i 2008 - då underteikna truleg sprang sin varmaste maraton).

Situasjonsrapport 22. juli

Nedanfor ser du bilete frå løpet i 2008 tekne av Jens Christian Raftevold Jensen (frå løypa) og Helge Fuglseth (i målområdet)
Fjor%E5rsvinnaren+Helge+Hafs%E5s+i+flott+driv+etter+ca.+8+km
Fjorårsvinnaren Helge Hafsås i flott driv etter ca. 8 km
Ein+fast+gjest+i+Hornindal%2C+Alf+Gaup%E5s%2C+med+damevinnaren+p%E5+maraton%2C+Lise+Lithun%2C+rett+bak
Ein fast gjest i Hornindal, Alf Gaupås, med damevinnaren på maraton, Lise Lithun, rett bak
Nils+Ivar+Ringdal%2C+M%E5ndalen+IL+sigra+p%E5+halvmaraton+med+tida+1.18.35+
Nils Ivar Ringdal, Måndalen IL sigra på halvmaraton med tida 1.18.35
Ikkje+uventa+vann+Audhild+Hestad%2C+Gaular+IL+dameklassen+p%E5+halvmaraton+med+den+gode+tida+1.26.38
Ikkje uventa vann Audhild Hestad, Gaular IL dameklassen på halvmaraton med den gode tida 1.26.38
Erling+Skogasel+fr%E5+Odda+vann+10+km+med+tida+37.19.
Erling Skogasel frå Odda vann 10 km med tida 37.19.
Anita+Stenevik+sette+l%F8yperekord+p%E5+10+km+i+fjor+med+42.40.+Biletet+er+fr%E5+Etne+L%F8psfestival+11.+juli+i+%E5r.%0D%0AFoto%3A+Kjell+Vigestad
Anita Stenevik sette løyperekord på 10 km i fjor med 42.40. Biletet er frå Etne Løpsfestival 11. juli i år. Foto: Kjell Vigestad