i år med NY DISTANSE (10 km) og NY LOGO
Om knappe tre veker blir Hornindalsvatnet maraton arrangert for 16. gong. I år står også distansen 10 km på programmet i tillegg til at løpet har fått ny logo.
Dei eksisterande distansane maraton, halvmaraton og minimaraton var kontrollmålte i 1995 av Vidar Dvergedal frå Maratonklubben. Den nye distansen 10 km har start ved mållinja og fylgjer maratonløypa motsett veg til 5-km-merket der ein vender og spring tilbake til mål. Enkelt sagt: 10 km består av dei siste 5 km av maratonløypa tur/retur. Dei som kjenner løypa i Hornindal vil vere enige i at dette er ei rekordrask løype - som er kontrollmålt !

Her er oversikt over løypa.

Den nye logoen er levert av det lokale firmaet InMedia. Den vil i første omgang bli brukt på premiane.

Her er Hornindalsvatnet maraton si heimeside