Pressemelding
Den gamle riksvegen rundt Kjøsahammaren vart i januar stengd for gjennomgang på grunn av ras.

I den samanhengen har det vore spekulert litt om maratonløpet som går gjennom dette området......
Ein har hatt tre aktuelle alternativ:

Det første var å nytte Kjøshammartunnelen i tillegg til ei ekstra sløyfe før denne. Søknad vart sendt vegvesenet, noko som litt stivbeint vart avslege. Kanskje arrangementet ikkje er stort nok ?????? I desse femten åra har vi hatt løparar frå Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, Sveits, Frankrike, Holland, England, USA og Australia. Arrangementet skulle såleis vere internasjonalt nok !!!!!!!!

Andre alternativet var å avlyse arrangementet.

Det tredje var å køyre løpet i originaltraséen. Det har i det siste vore gjort undersøkingar i området. Det kan ikkje påvisast at rasfaren er noko større enn tidlegare.

På dette grunnlaget har arrangementskomiteen valt det tredje og siste alternativet: Hornindalsvatnet maraton vil gå som planlagt laurdag 28. juli. I tillegg til dei eksisterande distansane maraton, halvmaraton og minimaraton vil også 10 km stå på programmet.

På vegne av
Hornindalsvatnet maraton

Inge Asbjørn Haugen
Anne Raftevold
Olav Rune Seljeset
Lenker:
Dugnad i 2004
Vegen rydda i 2005
Stengd turveg
Hornindalsvatnet maraton si heimeside