Førstesidestoff i Fjordingen
Helge Hafsås er ein meister i maratonløypa, og Harald Bruland er ein meister med kniven.

Måndag møttest dei to for første gong
Harald Bruland i Utvik er idrettsinteressert. Og den som begeistrar han aller mest, er maratonkongen frå Olden.

Som ei lita påskjøning for alle mila Helge Hafsås har kjempa seg igjennom, ville Bruland gjerne overrekke han ein maratonløpar han har skore ut av ein skikkeleg bjørkekubbe.

Om nokre veker legg Hafsås ut på eit nytt 100 kilometersløp, og då er det godt å vite at det er folk som fylgjer spent med.

Ovannemnde er førstesidestoff i FJORDINGEN fredag 6. oktober. Kondis synest det er kjekt at også maratonløparar kan kome på førstesida. Nedanfor fylgjer artikkelen som er skriven av Inge Fænn.

Meistermøte i Utvik



Det vart eit meistermøte i Utvik måndag, då idrettsinteresserte Harald Bruland som har treskjæring som hobby overrekte ein "maratonløpar" skoren i bjørk, til maratonkongen personleg, Helge Hafsås.

Inge Fænn

inge.fenn@fjordingen.no



- Tenk at eg skulle få helse på deg. Harald Bruland hadde ein liten skjelv i røysta då han helsa Helge Hafsås velkomen og viste han inn i stova. Heilt sidan den lettføtte og kondisjonssterke oldaren vann første maratonløpet har Bruland fylgt med i kvart einaste ord som har vore skrive i avisene.

- Du minner meg om dei gamle idrettsstjernene som kom frå skogen og tømmerhogst og vann femtien i Holmenkollen, seier Bruland og bed oss ta plass i sofakroken der kona byr på nysteikte svelelappar. Han var litt spent på om maratonløparar drakk kaffi og åt vanleg mat, men det gjekk veldig bra.

Bruland var også idrettsmann ein gong. Utvik hadde eit blomstrande friidrettsmiljø med nasjonale topplasseringar, og Bruland kasta kula over tolv meter. Det var mykje i hans ungdom, men krigen kom i vegen og han fekk aldri det distansemerket i sølv han hadde som mål. I staden vart det ei lang karriere som hesteskokastar.

Harald Bruland starta med treskjæring først etter at han vart pensjonist. Han kan sjå attende på ein lang arbeidsdag i skogen og på saga med han "sage-Peder". Seinare vart det Moelven, og sjølv om han nærmar seg 89 år og har vore gjennom tøffe sjukdomsår med leddgikt, er han med og haustar frukt. Treskjæringa blir på kveldane og i ruskever.Grovskjæringa føregår i snikkarrommet i kjellaren og finskjæringa tek han i stova. Han har ikkje tal på kor mange figurar han har skore, men "maratonløparen", den skulle han Helge ha.

- Eg kunne sendt han inn i Olden, men det var eineståande å få møte deg, seier han full av beundring.

Vi treng ikkje spørje Helge Hafsås om resultata. Harald Bruland veit at den løpssterke oldaren vart nr. 77 av alle i London Maraton, også kor mange løp han har sprunge og vunne.

- Du og du, tenk på den deltakarflokken i London, seier han og rister på hovudet

Mestvinnande

Helge er mestvinnande maratonløpar i Norge, truleg i heile verda. Medan eliteløparane spring to - tre og kanskje fire løp i sesongen fylgjer han bokstaveleg tala tekstane til Jahn Teigen med "mil etter mil". Om tre veker skal han prøve seg på 100 kilometerløp igjen. Der sette han norsk rekord i fjor, og så kan vi berre tenkje oss korleis det er å springe frå Stryn til Måløy.

Mange har undra seg over at Helge Hafsås ikkje er nærare teten i "Skåla opp" og andre fjelløp. Forklaringa finst. I 1992 skulle han reinske eit golvsluk. Det vart eksplosjon. Han låg lenge på sjukehus med forbrenning i i andletet, og synet tok skade. Det går greitt å springe på strake landevegen, men i ulendt terreng blir det litt snubling fordi det er vanskeleg å vurdere avstand til tuer og steinar.

- Eg skulle gjerne sett at bilistane tok meir omsyn, seier han. Som maratonløpar kan han ikkje ligge bjønn i mørke haustkveldar og om det sluddar og snør. Han er godt utstyrt med refleks, men likevel susar bilar forbi utan å redusere farten og med fulle lys. Han står nattblind igjen og må vente til han ser vegkanten.

Det skil omlag femti år  i alder mellom treskjæraren og maratonløparen, men dei har ei sterk, felles interesse i idretten. Begge er fjernsynsslavar. Helge skal ha med alle etappar på  Tour de France, og Harald ser alt på ski og i friidrett. Først når fotballkampane kjem slær han av og leitar fram kniven og nye emne.

- Eg studerer idrettsfolka på skjermen og rørslene deira før eg lagar figurane mine, seier han. Helge Hafsås hadde ikkje slege ut i full blomst då "maratonløparen" vart skoren. Det var den finske storløparen Paavo Nurmi og statua over han som var i tankane den gongen. Helge Hafsås har heller ikkje vore skogsarbeidar som dei gamle femmilsløparane, men han skuver pølsevogner på Nordfjord Kjøtt frå morgon til kveld som hovudansvarleg for røykjinga.

- Det er faktisk ein god del trening i arbeidet. Når eg har ferie er det som om noko av treninga er borte, seier han og, er glad om vi får ei utvikling mot varmare klima og mildare vintrar. Då blir det lettare å kome seg ut for å trene. Og trene må han. Han har mange planar framleis, og får uro i kroppen når det ikkje er ei helg med konkurranse. I år er han i ferd med å ta knekken på fjerde paret med løpssko, og det blir mange, mange fleire. At folk fylgjer med og set pris på innsatsen hans slik som Harald Bruland har gjort, er ein ekstra inspirasjon.

Du kan lese meir om Helge Hafsås her  
Helge+Hafs%E5s+og+Harald+Bruland+med+%5C%22maratonl%F8paren%5C%22+mellom+seg+Foto%3A+Inge+F%E6nn%0D%0A%0D%0A%0D%0A
Helge Hafsås og Harald Bruland med \"maratonløparen\" mellom seg Foto: Inge Fænn