Når Hornindaldalsvatnet Maraton går av stabelen klokka 11.00 legg nærare 50 maratonløparar ut på dei mange metrane langs vatnet. Timen etter legg nesten 30 halvmaratonløparar i veg, og på same tid vert miniton på vel 4 km arrangert i sjølve Hornindal.

Under 2.30 timar?
Helge Hafsås frå Olden har løyperekorden på maraton med tida 2.30.40 frå 2004. På kvinnesida har Bjørg Sandvik rekorden på 3.22.14.Løyperekorden i halvmaraton vert halden av Mons Bale på 1.11.19 og av Irene Gulli med tida 1.22.16. Når det gjeld Hafsås viste han sterk form under Jølster maraton. Her sette han ny personleg rekord i løypa. Det kan bli spennande å sjå om han kan klare å krype under 2.30 timar på dei godt 42 kilometrane. Får han pes av svenske Raima Hartikainen kan det absolutt vere innan rekkevidde.

 Utanom dei norske deltakarane kjem det også løparar frå USA, Tyskland, Nederland, Polen og Sverige.

Det pleier å kome fleire påmeldingar dei siste to dagane...Følg med på heimesida:
Hornindalsvatnet Maraton