Kristian Nedregård (Tjalve) sette ny løyperekord i 1. mai-løpet med tida 9,48.

Løpet gjekk i eit flott vårver.


Vi har fått løpsrapport frå arrangøren....
På resultatlista finn vi mange frå Nordfjord. Der var løparar frå Almenning, Bryggja, Haugen, Heggjabygda, Hornindal, Kjølsdalen, Selje, Skavøypoll, Stadlandet og Stårheim.

Vi har fått denne rapporten frå Ole Magne Kvalsvik i arrangørlaget:

Løparar frå Nordfjord markerte seg sterkt på det årlege 1.mailøpet på Åheim. Særleg imponerte Reidun Smørdal frå Haugen ved å slå storfavoritten Bodil Ryste frå Hovdebygda. Smørdal er berre 21 år og har ikkje satsa på løping før dei to siste åra. Også Hildegunn Dalsbø frå Stadlandet, som eigentleg er junior, hang godt med dei to seniorløparane.

I herreklassa var Kristian Nedregård, Tjalve klar vinnar. Han slo ein god løpar som Øyvind Sandbakk frå Ørsta med 35 sekund og fjorårsvinnar Odd Magne Liaskar med 53 sekund. Liaskar vann juniorklassa. Tida 9,48 er bestetid etter at løypa vart omlagd i 1998. Nedregård fekk med dette sitt første napp i vandrepokalen, og viste at han likte seg i neste års NM-løyper.

Haugen IL er representert med mange og gode løparar også i dei yngre klassene. Vi ser at søstrene Bakke vinn kvar si klasse, og særleg Linn Katrin i 13-årsklassa hadde ei sterk tid. Også klubbar som Kjølsdalen, Stårheim, Selje og Stadlandet hevdar seg som vanleg godt. Hos arrangørklubben merkar vi oss Kjetil Westerås i 14-årsklassa. Ein rask løpar som også gjer det bra i sprint.

Totalt stilte 223 løparar på startstreken. 125 av desse var rekruttar og 98 sprang på tid. Dette er litt mindre enn rekorden frå i fjor, noko konfirmasjonar og ei mengde konkurrerande arrangement må ta skulda for.


Resultata finn du på sidene til:

ÅHEIM IL

og her er bilete