REKORD OPP FANARÅKEN
Både Jon Tvedt og Anita Håkenstad sette nye rekordar opp Fanaråken under Noregsmeisterskapet laurdag. Det blei eit flott arrangement der værgudane var i svært godt humør.Heile 540 var på toppen totalt i trim og konkurranseklassa,noko som var ein solid deltakarrekord.

Sjå også reportasjen til Christian Prestegård
Jon+Tvedt+viste+kven+som+er+noregs+konge+i+motbakkel%F8p.
Jon Tvedt viste kven som er noregs konge i motbakkeløp.
Det var ein fantastisk dag som møtte motbakkeløparane på Turtagrø laurdag morgon. Det såg lenge mørkt ut på værmeldingane, og natta før bydde på regn og atter regn. Løpsdagen derimot blei perfekt for både turgåarar og konkurransedeltakarar.Sola skein og temperaturen var behageleg for alle og einkvar.
I.L Fanaråk hadde laga til eit god arrangement. Det heile var proft førebudd og med været på si side kunne alle glede seg til start.Sjølve løpet er hardt, der ein begynner ved Turtagrø Hotell på 868moh og avsluttar på Fanaråken på 2068moh, men løypa er likevel svært fin med ein varasjon av flat grusveg og sti inn Helgedalen, for så å gradvis stige til eit brattare terreng opp fjellet. Heile vegen byr på ein unik utsikt utover dalen og ned mot Luster, og over til den mektige Skagastølsryggen.

Jon Tvedt sprang opp Fanaråken på 57.23 minutt og slo dermed den gamle rekorden med minuttet. Kristen Skjeldal blei nummer to og imponerte stort med å berre vere 2min og 19 s bak Tvedt.

Anita Håkenstad kom seg i mål på sterke 1.05.53 minutt og slo sin eigen rekord med omlag 2.30 minutt.

Marthe Katrine Myre låg lenge bak Merete Helgheim, men Gloppen FIL jenta måtte bite i det sure eple og gje tapt på dei siste 200metrane.
- Det var slitsomt idag, men ein kjempe fin tur likevel, sa ho etter målpassering.

RESULTAT: NM - MOTBAKKELØP 2007
Kristen+Skjeldal+viste+solid+form+under+dagens+NM+l%F8p+og+fekk+ein+fin+s%F8lv+medalje.
Kristen Skjeldal viste solid form under dagens NM løp og fekk ein fin sølv medalje.
Anita+H%E5kenstad+har+henta+heim+b%E5de+EM+tittelen+og+NM+tittelen+i+motbakke.+Ein+komplett+sesong.
Anita Håkenstad har henta heim både EM tittelen og NM tittelen i motbakke. Ein komplett sesong.
Marthe+Katrine+Myre+la+inn+ein+siste+spurt%2Cog+fekk+ein+flott+s%F8lv+medalje.
Marthe Katrine Myre la inn ein siste spurt,og fekk ein flott sølv medalje.
Merete+Helgheim+forsvarte+bronsen+fr%E5+fjor%E5rets+NM.
Merete Helgheim forsvarte bronsen frå fjorårets NM.
Tormod+Tj%F8rnhom
Tormod Tjørnhom
Anita+H%E5kenstad+Evertsen+f%E5r+sin+velfortente+premie%2C+b%E5de+for+l%F8yperekord+og+for+sigeren.
Anita Håkenstad Evertsen får sin velfortente premie, både for løyperekord og for sigeren.
S%E5+glad%2C+s%E5+glad
Så glad, så glad
Jan+Roset+%28+f.v%29+og+Ivar+Bruun+slappar+av+etter+l%F8pet.
Jan Roset ( f.v) og Ivar Bruun slappar av etter løpet.
Magne+%D8yra+vann+klasse+70+%E5r+%2B.
Magne Øyra vann klasse 70 år +.
Mange+unge+tok+turen+opp+til+Fanar%E5ken.+Kristine+Erfjord+var+ein+av+dei.
Mange unge tok turen opp til Fanaråken. Kristine Erfjord var ein av dei.