Audhild Hestad sprang frå mennene på halvmaraton
Med 2.51.14 var Helge Hafsås igjen suveren vinnar av Rett Vest i Florø, ein halv time før nestemann Arvid Tangerås. Raskaste halvmaratontid hadde Audhild Hestad (biletet) med 1.24.55. Kurt Norheim frå Hafslo var raskaste mann med 1.29.56.
No også med: "Eit maratonløp sett bakfrå" av Øyvind Watne (nedst)
På 10 km var Harald Nygård frå AKS-77 raskast med 36.05. Beste dame på 10 km var Norunn Stavø, 44.42.

Etter eit par år med tekniske problem gjekk no arrangementet feilfritt og det vart ein strålande solskinnstur for dei 474 løparane som deltok:

Maraton: 22
Halvmaraton: 31
10 km: 116
5 km: 86
Kongleløpet (barn): 216.

Hestad imponerte Les:FIRDA med bildeglimt

Bildeglimt frå: FIRDAPOSTEN

Resultatliste

Biletserie Maraton
Biletserie Halvmaraton
Biletserie 10 km


Arvid Tangerås vart nr. 2 på maraton.



Kip Sumner er lærar på United World College i Dale. Han har i fleire år fått med seg ei stor gruppe elevar i Rett Vest. Han vart nr. 3 på maraton.



Maratonløparane Gunleik Høyseth (nr 12) og Harald Krøvel.



Erik Fendik frå Slovakia og United World College, beste maratonløpar i seniorklassen.



Jan Solheimslid frå Førde fremst i ei gruppe halvmaratonløparar.



Sjefen sjølv, Helge Hafsås, med kurs mot Florø.



Audhild Hestad frå Gaular har vunne halvmaratondistansen i Rett Vest mange gonger. I dag vart vinnartida 1.24.55, 5 minutt betre enn raskaste mann.



Sogningane best i halvmaraton: Kurt Norheim frå Hafslo, til venstre, var beste mann på halvmaraton med 1.29.56. Odd Harald Gram frå Vik, som spring i klasse 50-54 år, vart nr. 2 med 1.31.26.



Rune Horgen frå Florø, nr. 4 på halvmaraton.



Johnny Svein Fløtre frå Gloppen, nr 3 i klasse 55-59 år.



I Rett Vest er det mange som deltek utan tidtaking, blant anna desse damene som fekk seg ein ti kilometer lang solskinstur.



Rett Vest for Rune Horgen.



Norunn Stavø har ei lang sigersrekkje på 10 km i Rett Vest. I dag vart sluttida 44.42 på Stavø som spring i klasse 50-59. Harald Nygård frå AKS-77 vann på 36.05, han spring i same aldersklassen.



Roger Øye Pollen, vinnar 5 km i klassen 14-15 år med 19.57. 14-åringen hadde raskaste tid av alle på 5 km. Av damene var det Anita Stenevik som var raskast på 21.07.
Fotograf i Florø: Joar Eide Fjellestad
Eit maratonløp sett bakfrå
Eg har nett gjennomført Rett Vest, for 10. gongen. Det er eit flott løp i sjeldan flott natur, fredelege vegar (med unnatak av drøyt 10 kilometer), og røynde arrangører som syter godt for deltakarane.


Tidlegare har eg kome i mål i lag med dei fleste, men denne gongen fekk eg eit nytt perspektiv på maratonløping: Eg var sist frå start til slutt!


Tidleg skjønte eg at eg skulle få spesialbehandling. To kilometer frå starten la eg merke til ein bil bak meg, som køyrde i mitt joggetempo. Det vart litt irriterande, eg ville heller høyre fuglesangen og elvesusen enn brumminga frå ein dieselmotor. Så eg stogga og vinka bilen fram, og traff eit hyggeleg par frå Røde Kors hjelpekorps, deira instruks var å ligge bak siste mann. Eg forhandla meg fram til at dei skulle køyre nokre kilometer av gangen, og heller stå og vente litt på meg. Slik vart det både fuglesang og mange oppmuntrande tilrop, mot slutten var det til mykje hjelp.


Litt lenger framme traff eg eit venepar på hytte, etter å ha prata litt med dei var eg heilt åleine i løypa, kunne ikkje sjå andre løparar framom meg. Det er mogleg eg såg ein på hi sida av Nordalsfjordbrua, der kan ein vel sjå 3 kilometer fram (heiter det Nordalen eller Norddalen, forresten? Bygdefolket skriv Nordalen, medan Statens Vegvesen skriv Norddalsfjordbrua. Eg fekk rikeleg høve til å fundere på dette språklege problemet. Eg trur bygdefolket har rett, og skal ta det opp med vegvesenet ved høve…).


Det var nydeleg ver denne gongen, og eg hadde vondt av dei som måtte stå på drikkestasjonane og vente på meg, dei kunne gjerne hatt anne å gjere på ein laurdagsettermiddag. Men eg har sjeldan gledd så mange som under dette løpet: Ved kvar drikkestasjon kunne eg forkynne at ”no er jobben gjort, eg er sist”. Smil og latter følgde meg vidare.


Og det bar heilt i mål, der speakaren avbraut premieutdelinga for å klokke meg inn.


Eg har sagt det før, og eg seier det att: Det er plass til fleire i baktroppen! Om ingen av oss tør bli sistemann over målstreken blir det ingen til å springe maraton. Og eg fekk oppleve mykje meir fuglesong enn Helge Hafsås.


Takk til arrangørane av Rett Vest, og til alle andre arrangørar av maratonløp. Det er kjekt å bli teken vare på.


Beste helsing Øyvind Watne