Den ulike statusen distansane i mellom vistest mellom anna på premieringa. Medan Hanne Bolstad som vart nummer tre i klasse 35-39 år på maraton, fekk både blomar og 50 euro i pengepremie, var det ikkje premie i det heile tatt til Jessica Gunnarsson som var totalvinnar på halvmaraton. På 10 km og halvmaraton var det heller ikkje skikkeleg km-skilting.

Men deltakinga er god og stigande på alle tre distansane. I år var 2935 med på 10 km, 5879 på halvmaraton og 4491 på maraton. Til saman fullførte 13305 løparar, og det var over 30 prosents auke ifrå i fjor da 9982 deltok.

Mange norske har òg funni ut at ei helg i Amsterdam kan vera ei fin avslutning på sesongen. Dei 45 norske fordelte seg med 31 på maraton, 8 på halvmaraton og 6 på 10 km. Fleire sette persar og/eller årsbeste og hevda seg svært godt.


NORSKE RESULTAT

Maraton kvinner

564 Hanne Bolstad, Oslo 3e V35 3:11:49
774 Karin Sønsteby, Oslo 17e Vsen 3:18:49
4388 Gunhild Haukeland, Haugesund 37e V55 5:10:31

Maraton menn

32 Runar Gilberg, Oslo 29e Msen 2:32:49
97 Jan Birger Hansen, Avaldsnes 7e M45 2:46:12
163 Kurt Hatten, Alversund 18e M45 2:53:04
176 Wiktor Berg, Røyksund 32e M40 2:53:46
179 Bjarne Gausvik, Ostereide 3e M50 2:54:14
221 Kjell Terje Holen, Ytre Enebakk 5e M50 2:56:45
241 Sigmund Pedersen, Sveio 32e M45 2:57:40
288 Oddvar Hausken, Torvastad 1e M60 2:59:07
352 Dag Ernst Jacobsen, Siggerud 14e M50 3:02:44
488 Sverre Sæbdal, Isdalstø 2e M55 3:09:36
507 Arvid Reiertsen, Morvik 24e M50 3:10:18
565 Ole Anderdahl, Fjellhamar 118e M40 3:12:58
591 Tim Victor Bennett, Oslo 310e Msen 3:13:02
715 Bjarne Danielsen, Kopervik 46e M50 3:17:36
1069 Robert van Es, Dilling 514e Msen 3:25:24
1294 Ole Bru, Stavanger 297e M40 3:31:40
1379 Arnfinn Austegard, Flatøy 115e M50 3:32:27
1534 Jon Jørgensen, Rjukan 687e Msen 3:36:28
1604 Odd-Inge Finne, Kopervik 245e M45 3:37:52
2029 Dan-Olan Meling, Stavanger 58e M55 3:46:25
2073 Ole Keilberg, Slependen, Oslo 880e Msen 3:44:42
2148 Einar Søndeland, Sola 65e M55 3:49:36
2203 Kenneth Smeby, Godvik 933e Msen 3:49:04
3381 Kurt-Even Kristensen, Flatåsen 488e M45 4:12:18
3547 Per Ove Haugen, Jondal 699e M40 4:19:53
3963 Børge Helgesen, Stavanger 553e M45 4:35:39
3974 Roger Pedersen, Flatåsen 1537e Msen 4:33:54
4396 Dag Sture Eine Friis, Oslo 183e M55 5:13:58

Halvmaraton kvinner

59 8761 Jessica Gunnarson, Oslo 1e Vrecr 1:22:43
484 8762 Anne Myhr, Oslo 21e Vrecr 1:34:07

Halvmaraton menn

7 12600 Espen Stueland, Larkollen 7e Mrecr 1:15:33
116 8763 Snorre Lægran, Oslo 113e Mrecr 1:25:46
3628 10149 Oddleif Strømnes, Lier 3125e Mrecr 1:57:37
3634 9711 Magne Salo, Lier 3129e Mrecr 1:57:38
4175 10749 Egil Sørensen, Drammen 3508e Mrecr 2:01:20
5574 9987 Bjørn Egil Sollund, Drammen 4330e Mrecr 2:19:54

10 km kvinner

82 15538 Marianne Garman Eide, Oslo 7e Vrecr 38:46
330 8760 Line Søvik, Oslo 37e Vrecr 45:28

10 km menn

73 15539 Jim Holtquist, Oslo 59e Mrecr 38:31
88 16054 Helge Brekke, Isdalstø 71e Mrecr 38:56
273 16291 BjØrn Arne Mo, Alversund 214e Mrecr 44:32
1058 15536 Jasper Buitink, Oslo 807e Mrecr 52:38

Alle resultat
Jessica Gunnarsson var raskast av alle på halvmaraton
Det er tradisjon for norsk siger på halvmaraton i Amsterdam. I fjor var Anna Tråve først i mål, og i år var det ingen som klarte å følgje Jessica Gunnarsson, som iallfall er busett i landet. Jessica sprang på 1.22.43, og ho var godt nøgd med å vera berre 50 sekund bak persen.
To debutantanter og tre litt meir erfarne maratonløparar
Hanne Bolstad (til høgre) og Karin Sønsteby (til venstre) sprang maraton for første gong, og særleg Hanne fekk ei positiv oppleving. Ho kom i mål på 3.11.49 etter å ha sprungi i 4.30-fart omtrent heile vegen. Karin heldt lenge følgje med Hanne, men magen tolte ikkje den energigeleen ho putta i seg ved 27 km, og det førte til både kvalme, oppkast og redusert tempo. Sluttid 3.18.49. Ole Anderdahl (nest lengst til høgre) gjekk ut i fart til 2.45, men ved 23 km hadde muskulaturen i føtene fått noko. Ole roa ned og sprang til mål saman med sambuar Hanne Bolstad. Runar Gilberg (midten) sprang eit jamt løp, og det resulterte i 2.32.49 og beste maratontida hans sia 2001. Tim Bennett satsa på å gå under 3 timar for første gong, men med smerter i både lyske og rygg vart reise krevande og sluttida eit kvarter svakare enn han hadde vona på. (Foto: Anne Myhr)
2.06.23 og ny løyperekord på Robert Cheboror
Amsterdam har dei seinare åra hatt sterke felt, og tidene har vorti gode. I år vart det sett løyperekord av kenyanske Robert Cheboror med 2.06.23. Det var den tredje beste maratontida i verda i år. Kvinneklassen vart vunnen av 38 år gamle Helena Javornik frå Slovenia som sette pers med eitt minutt og sprang på 2.27.33. (Foto: Jasper Buitink)
Vakker og variert trasé
Maratonløypa i Amsterdam er i det store og heile flat. To gonger spring løparane gjennom den flotte Vondelparken. Her ser vi halvmaratonløparar passere ei av fotenene i parken. Løypa snor seg gjennom store deler av byen, og ein får med seg kanalar, industriområde og litt bondeland. Veret under løpet var nokså ideelt med 10 varmegrader og så å seie opphaldsvêr. På dei lange opne strekka langs elva Amstel merka ein vinden ganske godt, men elles var løypa bra skjerma.