I tillegg til at Kirsten Melkevik Otterbu sette ny løyperekord for kvinner, vart det også ny deltakarrekord med rundt 5.500 i alle løpa tilsaman.

Helge Brekke er overvelda over deltakartalet, og fortel at heile arrangementet har hatt ca 10.000 besøkjande. Konseptet for 2005 er allereie klart, og Knut Aalien fekk invitasjon for neste år med seg når han reiste heim etter å ha rydda premiebordet.

-Knarvikmila har vorte arrangert første helg i september i 23 år. I år kolliderte den med Drammen Maraton, noko eg håpar vi kan unngå neste år, seier Helge Brekke til Kondis.no.

KnarvikmilaDobbel er eit eksperiment av året, og arrangøren vil evaluera dette no. Poenga vert vekta ut frå lengde på løypene og etter alder rekna ut etter ein tabell frå EVAA (EUROPEAN VETERANS ATHLETIC ASSOCIATION). - For ein gong skuld løner det seg å vera gammal, seier Helge Brekke. Gammal og sprek, meiner han vel. Sjølv sprang 63-åringen funksjonærløpet på 39.56 laurdag kveld.

Fullstendige resultatlister

Beste resultat:

Damer 10 km
1. Kirsten M Otterbu 33.51
2. Miriam Berg Hovda 38.44
3. Kjersti Danielsen 39.31

Menn 10 km
1. Øystein Sylta 31.18
2. Bjarte Vik 32.05
3. Knut Aalien 32.25

Damer 5 km
1. Britt Helen Simmenes 18.09
2. Elisabeth Seim 21.03
3. Nina Johannessen 22.36

Menn 5 km
1. Øystein Aamli 17.03
2. Helge Kristian Helgø 17.11
3. Sindre Stokke 17.21


F.v. Knut Aalien, Øystein Sylta og Bjarte Vik



F.v. Kjersti Danielsen, Kirsten Melkevik Otterbu og Miriam Berg Hovda



F.v. Kristian Helgø, Øystein Aamli og Sindre Stokke



F.v. Elisabeth Seim og Britt Helen Simmenes

Bilete frå start 5 km

Bilete frå start 10 km

Bilete frå innkomsten 1

Bilete frå innkomsten 2