Beste resultat:

Kvinner:
1. Camilla Grieg 53.31
2. Helen Martinsen 54.05
3. Norunn Stavø 54.34

Menn:
1. Knut Aalien 39.26
2. Jo Harald Færø 41.23
3. Pål Kvinge 41.48


Fullstendig resultatliste.

Knarvikmila Dobbel:
Kvinner:
1. Liv Astrid Losnegård 75,1 poeng
2. Norunn Stavø 78,4
3. Camilla Grieg 79,8

Menn:
1. Knut Aalien 63,2 poeng
2. Harald Nygård 64,5
3. Ragnar Mjelstad 66,3




Knut Aalien førstemann opp den brattaste stigninga og førstemann i mål.



Pål S. Kvinge, nr 3 på 41.48.



Camilla Grieg vann på 53.31. Torjus Børsheim kom inn på 52.55.



Rune Nygaard, nr 5 med 42.53 og Espen Hauge, nr 7 med 44.02.



Kjetil Dyrvik, 43.57 og 6. plass. Fotografen frå Strilen har lagt seg på ryggen i bakken.



Karoline Kvinge (54.43), klassevinnar 15-16 år og nr. 4 totalt. Bak kjem Helen Martinsen (54.04), nr. 2 totalt.



Arne Reigstad (58.04)



Anette Bru (60.16) og Ståle Arild Grimen (57.34)



Jon Nygard (67.01)



Kameratgjengen frå Göteborg var eit fargerikt innslag begge løpsdagane: Lennarth Hansson (51.37) og Göran Kristiansson (48.57). Ragnar Mjelstad kjem bak. Han kom i mål på 49.05 og vart nr. 3 i Knarvikmiladobbel.



Joakim Røstlund (50.32)



Annbjørn Mellingen og Einar Færø



Jo Harald Færø, nr. 2 på 41.23.



Bjarte Eikanger, 42.10 og 4. plass.



Helge Vestrheim, Anders Øhgren og Daniel Sals.



Norunn Stavø leia første del av løpet, men vart henta inn av Camilla Grieg og Helen Martinsen. Stavø vart nr. 2 på Knarvikmila dobbel etter ein 10 km på 41.39.



Bjarne Robberstad (57.34)



Kristian Knudsgård (57.44)



Liv Astrid Losnegård, 56.47 og nr 7 av damene. Ho henta inn sigeren på Knarvikmiladobbel der det vert justert for alder når poengsummen vert rekna ut. Men ho har ingen problem med å hamla opp med dei fleste ungjentene elles heller, trass i at det er nokre år sidan ho fylte 29.


Klassedelt resultatliste

KnarvikmilaXtrem er eit flott skogsløp som vart arrangert for andre år på rad. Opprinneleg var det tenkt å vera puljestart, men sidan deltakartalet var ca 150 (grensa var 400), starta alle samtidig. Det kan ikkje vera stort fleire samtidig før det vert trangt i bakkane, sidan det er skogssti er det litt vanskeleg å springa forbi når ein er kommen forbi gruspartiet. Som Kondis.no melde i fjor, er ikkje løypa så ekstrem at ein vanleg mosjonist ikkje kan vera med. Men litt erfaring i å springa i terreng er ein fordel. Bergensredaktøren kjenner ein asfaltslitar frå Fana som hadde det svært travelt med å passa seg for sleipe steinar og gjørmehol, og som likevel gjekk på trynet på ein stad der det skulle vera fullt mogleg å halda seg på beina.


Foto: Jan Ringheim