- Med så få lag må vi vurdere om vi skal halde fram med å arrangere stafetten, uttalte Aage Aas til Røros-avisa Arbeidets Rett. Aas er arrangementsleiar på den norske sia av grensa. Med tanke på at det neste år er 100-årsmarkering for unionsoppløysinga ville det vera rart om eit slikt samarbeidsprosjekt mellom dei to landa ikkje skulle bli arrangert. Ein av dei som vil sakne Grensestafetten er Tore Olsen som sprang på Heimdal sitt vinnarlag. - Eg håper arrangøren kjem på andre tankar. Vi i Heimdal vil iallfall oppmode dei til å fortsette. Det finst ikkje mange slike løp. Det er fine etappar og ei veldig flott ramme rundt stafetten. Vi kjem garantert til å prioritere Grensestafetten framover, sa Olsen til Arbeidets Rett.
|
Heimdal vann klart i Grensestafetten
Fem lag stilte i eliteklassen i Grensestafetten mellom Funäsdalen og Røros 14. august. Karane frå Heimdal brukte 4 timar og 19 minutt på den 76 km lange stafetten. Nest best var Rindals-Troll som var 24 minutt bak Heimdal. På biletet ser vi Rindals-Troll veksle i Vauldalen.
Artikkelen fortsetter under annonsen