I alt sprang 44 løparar gamlevegen mellom Skånevik og Etne. Sjølv om Fjordalangs er eit asfaltløp, så går det i vakker natur omgitt av sjø og fjell. Og når vêret var så perfekt som det var denne gongen - overskya, 17 grader og heilt vindstille - så er jo allting bra!

Ingemund Askeland var 7 minutt bak løyperekorden til Knut Erik Rame, men Askeland har hatt eit lengre skadeavbrekk tidlegare i år, og har nok kapasitet til å springa ein del fortare enn han gjorde. Wiktor Berg frå Sveio følgde på andreplass, men var heile 10 minutt bak.

Nest beste av dei seks damene som var med, var Haldis Sandnesaunet. 51-åringen frå Oslo var 11 minutt etter Therese Sjursen.

Etter innkomsten i mål var det kaker å få i Etne Kulturhus. Utdeling av diplomar og premiar vart gjort innimellom kaffislurkane.

Gunnar Vaage frå IL Trio har saman med Gisle Sellevold i arrangørklubben delteke 16 av dei 17 åra løpet har gått. Og det utgjer til saman ein distanse på 41 mil, altså frå Etne til Oslo.

Alle resultat
Klokke for ti løp Fjordalangs
Waldemar Olsen frå Sauda fekk utdelt løpets gjevaste premie, som er ei klokke i stein med logoen til løpet inngravert.
Therese Sjursen - beste kvinne Fjordalangs
28 år gamle Therese Sjursen tok ein klar siger i Fjordalangs. Ho passerte halvmaraton på 1.31.09.
Ingemund Askeland - beste mann Fjordalangs
Ingen hadde nokon sjanse til å fjølgje Ingemund Askeland i det 25,82 km lange Fjordalangs. Askeland passerte halvmaraton på 1.13.18.