Det+var+berre+%E5+ta+solbrillene+p%E5+for+Ole+Kjell+Langmyren.+Etterp%E5+sprang+han+og+vart+nummer+5+i+klasse+40-44+%E5r+med+1.17.25.+%28Foto%3A+Kari+Zimmer%29
Det var berre å ta solbrillene på for Ole Kjell Langmyren. Etterpå sprang han og vart nummer 5 i klasse 40-44 år med 1.17.25. (Foto: Kari Zimmer)
Men ikkje berre vêret, men også deltakinga var god i Fjellmaraton. Ifølgje arrangøren var det ein liten oppgang i forhold til i fjor. Stemninga var stor både i løypa, på den omfattande premieutdelinga og på det tradisjonelle blemmeballet på kvelden. Løparar frå store deler av Sør-Norge reiser - gjerne i grupper - til fjells for å få med seg denne helga på turiststaden Beitostølen.

Ein del gode løpsprestasjonar vart vi òg vitne til. Her kjem nokre biletglimt av folk som både sprang fort og som bidrog til å skapa liv i løypa.

Se også:
Timene før start

Samleside for Fjellmaraton

Alle resultat

Reportasje i avisa Valdres
Tre spreke halvmaratonjenter
Marthe Katrine Myhre frå Gjøvik (midten) var raskast på halvmaraton med tida 1.20.17. Ho er òg ein lovande skiløpar og vart norsk meister for juniorar sist vinter. No sprang ho ifrå fjorårsvinnaren Turi Malme (til venstre) med eit lite minutt. På tredjeplass kom Hilde Henriksen som samtidig var raskaste kvinne over 40 år.
God gamal årgang
Ein kan ikkje anna enn å bli imponert over Jofrid Jansen (til venstre) og Gerda Bjaastad. Jofrid er 70 år og sprang halvmaraton på 2.15.20 mens seks år eldre Gerda sprang 12 minutt fortare.
Enda ein maratonsiger til Helge Hafsås
Han er den i heile verda som har vunni flest maratonløp. No vart det enda ein siger til Helge Hafsås i den krevjande Fjellmaratonløypa. Tida vart 2.47.08 trass i at han hadde følt seg svært så tung på trening siste veka før løpet.
Lovande unggutar på Miniton
Petter Soleng Skinstad (til høgre) som enda ikkje har fylt 16 år, har hatt ein svært så sterk løpsesong med mellom anna 32.23 på 10 km. No vart han nummer tre på Miniton like bak sterke seniorløparar. Klassen vann han framfor ein anna talentfull ungdom, Glenn Edvardsen frå Nittedal.
Minitonpallen jenter 15-16 år
Miniton som er 7 km i slak unnabakke, har usedvanleg god deltaking av unge løparar. Her er dei tre beste jenteklasse 15-16 år. Erin Leander Aanerud (til høgre) vann framføre Inger Anita Tollehaug (midten) og Linda Tveit.
Fjelltassar i friskt driv
Barneløpet i Fjellmaraton heiter Fjelltassen og er på knappe kilometeren. Så å seie heile bølingen spring i oransje leiartrøyer, og det er ingenting å seie på verken kneløft eller generell eleganse.
Konge for ein dag
Han som meir enn ein gong har vorti kalla kongen av Valdresflya, Kristen Aaby, stilte ikkje til start i år. Dermed var det ein annan som sikra seg tittelen. Kjerra bar både han og krykkene heile Miniton-traseen, og dei gode hjelparane var mange.
Ellen Wold og Ole Arne Schlytter - fjellfolk som veit både å nyte og yte
Til sist eit lite hopp tilbake til Valdresflya. Der det vakre løpet startar - eller passerer halvvegs. Eit smil og ein klem for den fine kombinasjonen av fjell og maraton. (Foto: Kari Zimmer)