Ein stor idrettsmann
Mil etter mil etter mil……….

I helga skal han springe maratonløp nr 300. Mange nordmenn spring den klassiske løpsdistansen raskare, men ingen har sprunge så mange løp som eidahonndølen Inge Asbjørn Haugen som har tre hovudinteresser; maraton, saksofon og kryssord. Kvinnene må framleis vente.


Inge Fænn


- Eg er eit heilt vanleg menneske, et den maten eg får og eg kan også ta eit lite glas når det høver. Alt til si tid, seier han og krummar ryggen mot snø og minusgrader. Vi står på skuleplassen i Hornindal. Folk flest er i ferd med å ta kveld framfor TV-skjermen med duren frå vedaovnen som bakgrunnsmusikk, men Inge Asbjørn skal ein runde rundt Grenda for å finpusse forma før maratonløp nr 300. Karen som starta idrettslivet som sprinter er i ferd med å setje norsk rekord. Ingen nordmenn har så mange maratonløp bak seg. Han har også rekorden i dag, men 300 har ein ekstra klang.

- Den norske rekorden ragar ikkje høgt internasjonalt. Eg veit om ein tyskar som har bak seg over tusen løp. Eg forstår ikkje at dei har økonomi til det, seier han. Det er nemleg ikkje mange sponsorar i ryggen på ein mann med maraton som hobby. Likevel. Han har fått med seg fem verdsdelar på reisene frå løp til løp Europa, Amerika, Afrika, Australia og Asia har vore på reiseruta.

Starta som sprinter

Inge Asbjørn Haugen er 54 år. Han har vore eidar i vel 40, men tek likevel sjansen på å kalle seg honndøl. Røtene er viktige, og siste 25 åra har han også representert Hornindal idrettslag.

Han vart ikkje skyttar som faren og brørne og heller ikkje skiløpar. Det siste er forresten ikkje heilt rett. Han har gått Grenaderløpet på 90 kilometer og ein gong var det 100.

- Det er vel rett å seie at eg starta som sprinter. 11,8 på 100 meter og 24,37 på 200 gjev ikkje landslagsplass, men det går no høveleg fort, seier han.

Det er mange hundremeterar i eit maratonløp, og det var kameratmiljøet i Hornindal som styrde kursen inn på lange distansar.

SAFTSIT er det kanskje nokon som har høyrt om. Grenaderløpet på ski, Trondheim – Oslo på sykkel og Drammen Maraton. Alt på eitt og same år. Inge Asbjørn har gjort unna denne tevlinga ti gonger frå 1984 til utpå nittitalet. Eit trettitals honndøler har gjort det same, men berre han har halde fram med å springe mil etter mil etter mil.

- Kva får eit menneske til å halde på med dette gong etter gong og år etter år ?

- Eit godt spørsmål, seier han og vedgår at det kan vere tunge stunder under vegs når melkesyra herjar i beina og pusten går tungt.

- Vi har heldigvis lett for å gløyme, og så er det eit godt miljø og eit fint kameratskap.

Tolv og ein halv gong tur – retur Oslo

Brettar vi ut maratonløpa hans blir dei tolv og ein halv gong tur – retur Grodås – Oslo, og då har vi ikkje rekna inn Skåla opp, halvmaraton og 100 kilometer løp. Tidene kjem til kort mot langbeinte kenyattar, men 3,08, 43 frå Jølster Maraton som 45 åring er ikkje for vanleg folk.



- Trenar du mykje ?

- Litt i bylgjer, men det blir ikkje så mykje. Det er vel det som held meg skadefri. I fjor vart det 22 maratonløp. Det er trening berre det, seier han og vedgår at han er ikkje av dei som spring kveld etter kveld etter kveld. Rasar uværet er det godt å setje seg i sofakroken med eit kryssord. Også der er det konkurranseinstinktet som vaknar når det virkar umogeleg å finne løysingar. Han har ikkje natur for å gje seg anten det er ti tunge kilometer att til mål eller det er jakt på eit ukjent ord på ti bokstavar.

Det er vanskeleg å plukke ut noko toppår i karrieren. Ei av dei største stundene var nok Honndalsvatnet Maraton og gleda over å ta over rekorden med flest løp i Norge. Familien stilte med eigen laurbærkrans, og honndølene klappa taktfast frå tribuneplass.

- Sterkaste sesongen var nok 2003, trur han sjølv.

- Då var eg i slag, legg han til og fortel at han sprang i alt 29 maratonløp. 3,17 som femtiåring er sterkt. Frå Honndalsvatnet rundt sist i juli og til oktober sprang han ti maratonløp og Skåla opp på 1,45. Det var berre ei helg fri.

Konsulent på likningskontoret

Inge Asbjørn har sitt daglege virke som konsulent på Nordfjord likningskontor. Han har vore tretti år i etaten til hausten.

- Det var nok kontorlivet som førde til at eg starta med trimming, men det er to måtar med alt, ler han og vedgår at det er ikkje vanleg trim og springe maratonløp etter maratonløp både vinter og sommar.

Glad i musikk

Skulle vi ha skapt eit bilde av ein mann som spring, spring og spring og kviler ut med kryssord må vi be om orsaking. Det er heilt feil. Inge Asbjørn er musikar, men som andre honndøler med fele og slett ikkje som dei ” opp i Håja”, der trekkspelet har rådd grunnen ein heil generasjon. Inge Asbjørn spelar saksofon.

- Eg fekk med meg litt musikk frå Honndalen. Det er litt feil å snakke om trettiårs jubileum for hornmusikken i år. Eg har eit avisutklipp frå Fjordingen som fortel om ein vellukka konsert jonsokafta 1966. Ragnar Kirkhorn svinga taktstokken og eg slo tromme, fortel han.

På Eid vart det klarinett, og når økonomien gav lov kjøpte han saksofon. Det var instrumentet hans. I 1988 kom Ralph Cupper til Eid som organist, og dei to enda opp i eit fruktbart samarbeid som førde til kyrkjekonsertar og to CD-ar.

Før det hadde han tretten år bak seg i danseband saman med Nils Haugen, John Andersen, Rolf Kobberstad og Knut Rødvik som dei som var lengst med. Dei spelte både i Nordfjord og på Sunnmøre og ingen får betre innblikk i kjærleikslivet i bygde-Norge enn dei som står på scena som spelemenn kring i ungdomshusa.

Men det er kyrkjemusikken og CD-ane som har gjort han mest kjend på musikkfronten. Andre CD-en spelte dei inn 21.februar 2004. Etterpå oppdaga dei at det var 67-årsdagen til Kong Harald. Han fekk overlevert CD, og musikarane fekk ei hjarteleg takk tilbake.

Datamann

Vi nemnde avisutklippet og året 1966. Vi tvilar ikkje på at han har rett for Inge Asbjørn er både datamann og statistikkmann. Pinleg nøyaktig og korrekt. Det er der likningskonsulenten dukkar opp.

Avisutklipp er ein ting, men han lagar heimesider. Eiga heimeside pryda med bilde av ein smågut opp i Håja som enno ikkje veit kor mange mil han skal legge bak seg, og så tider, namn og statistikk. Under musikk listar han opp ei lang rad over alle han ser opp til både nasjonalt og internasjonalt.

Det er musikk som svingar og musikk som lokkar på kjensler. Han har ikkje liste over dei som ser opp til han, men ho blir ikkje så reint lita den heller.

Han har ansvar for heimesida til Hornindalsvatnet Maraton og ikkje minst heimesida til den landsomfattande organisasjonen Kondis med president Christian Prestegård som skapte Skåla opp. Inge Asbjørn er distriktskontakta i Nordfjord.

Inge Asbjørn vil aldri stå på lista over dei store idrettsstjernene, men lagar vi ei over idrettsglede kjem han høgt. Vi stod ein gong i Kjøsahammaren som fotograf i det han runda hammaren og såg heimbygda og mål i det fjerne. Hald i sida og tunge steg, men eit innbitt grin i munnvikane. Vi såg føre oss eit bilde frå sportsidene i barndom. Tsjekkeren Emil Zatopek på veg mot nye rekordar. Og merkeleg nok. På heimesida til Inge Asbjørn finn vi eit sitat frå den store stjerna: ” – Vil du vinne noko. Spring hundre meter. Vil du oppleve noko spring maraton”. Inge Asbjørn har prøvd begge deler, og vi ønskjer lukke til i helga. Måtte berre ikkje det bergenske regnet gjere dagen altfor tung. Trøysta er at han gløymer fort. Det blir nok mil etter mil etter mil både i år og i åra som kjem.