for kondis.no i Strandebarm Arvid Tangerås

Sjuande løp i vinterkarusellen i Strandebarm gjkk tysdag 17.februar. Fine
forhold, gode tider og 111 deltakarar. Torild Kveberg kom frå Øystese og
vann dameklassen, men fekk hard kamp av Solfrid Håbrekke som kom heilt frå
Trondheim. I herreklassen vart det derimot reint lokaloppgjer der Nils Ove
Berge som vanleg kom først til mål. Jon Olav Måge sprang sitt tredje løp
denne sesongen og ei sterk avslutning gav ein god andreplass.

Her er dei beste:

Menn:
1. Nils Ove Berge 13,43
2. Jon Olav Måge 14,46
3. Knut Øystein Fosse 14,55

Damer:
1. Torild Kveberg 17,03
2. Solfrid Håbrekke 17,14
3. Karen Matthiessen 18,38

Alle resultater i årets Vinterkarusell
Jon Olav Måge
Knut Øystein Fosse
Nils Ove Berge
Turid Lid og Karen Matthiessen