Jon Tvedt satte løyperekord
Jon Tvedt doblet denne helga med deltakelse både i Saudehornet Opp lørdag og i Nuten Opp søndag. I Ørsta lørdag ble det klar seier, ny løyperekord og kr 20.000 i premier. Anita Håkenstad Evertsen var like suveren, men klarte ikke å slå sin egen løyperekord fra NM i fjor.
%3Cb%3EGod+deltaking%3A%3C%2Fb%3E+Tross+d%E5rlig+v%E6r+stilte+n%E6rmere+600+trimmere+og+konkurransel%F8pere+til+start+i+Saudehornet+opp.
God deltaking: Tross dårlig vær stilte nærmere 600 trimmere og konkurranseløpere til start i Saudehornet opp.

Resultater Saudehornet Opp 2007

Suverene vinnarar i Saudehornet rett opp 2007

Jon Tvedt vart suveren vinnar på tida 47,59 og betra rekorden sin frå 2006 med heile 43 sekund! Nummer to vart Øyvind Heiberg Sundby på 52,25 etterfølgt av Tormod Tjørnhom på tida 52,54. I jenteklassa vart Anita Håkenstad Evertsen, som under NM i 2006 best, og kom i mål på tida 58,40, tett følgt av nykomlingen og 17 årige Marthe Kristoffersen. På sikker 3. plass passerte Tuva Toftdahl målseglet på tida 1.04,50. Utruleg flotte og beundringsverdige prestasjonar av alle, sett i forhold til veret.

Det var grunna uroleg ver, stor spenning om deltakartalet, men alt kl 07.00 om morgonen la dei første trimmarane i veg med aldrar frå 5 til 75 år. Dei ville sikre seg kongeleg topp utsiktsplass når storløparane kom i mål. Alt før konkurranseklassa starta, la havtåka seg rundt toppen av Saudehornet og stengde for all utsikt. Dei første regndråpane møtte løparane rett over skoggrensa og vinden bles godt oppover fjellsida. Jon Tvedt uttalte etter løpet at løypa var rimeleg god trass regnveret, han hadde gode sko og den sterke medvinden ”hjelpte” han til å sette ny rekord!

Meir enn 600 personar trassa veret og deltok i det populære motbakkeløpet Saudehornet rett opp, midt i hjarta av dei fantastiske Sunnmørsalpane i bygdebyen Ørsta. Heile 118 personar deltok i konkurranseklassene og meir enn 400 små og stor streva seg til tops i mosjonsklassa og mottok fortjent den flotte Saudehorn-medaljen på toppen. Deltakartalet har aldri før vore så internasjonalt nokon gong. Det var med løparar frå England, Tyskland, Finland, Sverige og Spania. Dei aller fleste var naturlegvis heimehøyrande i nærområdet. Det er stort for arrangørane at så mange viser si interesse for arrangementet, men så er no Saudehornet yndlingsfjellet til ørstingane og eit unikt utsiktsfjell - Og sunnmøringar flest likar godt både regn og gode naturopplevingar!
%3Cb%3EGod+dagsl%F8nn%3A%3C%2Fb%3E+Jon+Tvedt+kunne+reise+hjem+med+b%E5de+f%F8rstepremie+p%E5+kr+15000+og+bonus+p%E5+kr+5000+for+l%F8yperekord.
God dagslønn: Jon Tvedt kunne reise hjem med både førstepremie på kr 15000 og bonus på kr 5000 for løyperekord.
Øyvind Sandbakk blogger om Saudehornet 2007

Løpet i år vart prega av dårleg vær mot toppen, sterk vind og regn! Dette var nok verst for dei i trimklassa og tidtakarane på toppen. Til tross for dette var det 104 som kom i mål i konkurranseklassa og over 400 deltok i trim, og dette må beteiknast som ein stor suksess!

I herreklassa vart Jon Tvedt suveren vinnar og viste nok ein gong fram at han er i verdstoppen i bakkeløp. Ny rekord på det sleipe underlaget var imponerande. Forholda nok profiterte ein tidlegare orienteringsløpar framfor dei reine løparane, men avstanden på nesten 5 min til nr 2 er utklassing. Anita Håkenstad var eit stykke bak rekord, men sette konkurrentane godt på plass i dameklassa.

Sjølv fekk eg ei grei gjennomkjøring. Tida var hakket betre enn i fjor og sidan forholda var litt tyngre og løypa lenger, må eg seie meg nøgd med det. Krampa i leggane lurte i partia der det var løping, medan eg klarte meg betre der det var så bratt at eg måtte gå. Det er ikkje moro å bli utklassa av dei betre løparane, men dette lyt eg nok godta så lenge ein ikkje trenar meir til dette... Men Andre Haugsbø (på plassen før meg) sin skalp skulle eg gjerne hatt!

Uansett ser eg på løpet i år som positivt både for eigen del og arrangementet! Været kan ein ikkje endre, vi får berre be om sol til neste år!

Då er det berre å trene mot neste år folkens! Treningstipa finn de under på sida. Og dei som lurer på noko får legge igjen ein beskjed eller sende ein mail.

Øyvind