Vi har fått følgende rapport fra Leiv Arne Grimstad:

Rekordane fall i Nordvest Maraton
Det sunnmørske Nordvest Maraton frå fugleøya Runde til Hareid vart skipa
for 16. gong laurdag 2. september. Helge Hafsås frå Olden vart årets store
namn og kunne reise heim til Nordfjord med premiesjekkar på tilsaman 5.000
kroner.

40-åringen gjennomførte full distanse på 2.33.03, som var 3 minutt og 20
sekund betre enn den tidlegare løyperekorden hans - ein løyperekord han
sette i 2005 etter at Oddvar Hausken frå Torvastad hadde hatt rekorden
sidan løpspremieren i 1991. For løyperekorden fekk Hafsås 3.000,- kroner i
tillegg til dei 2.000,- kronene som var sett opp til årets vinnar.
Hafsås vann dessutan sitt 89. maratonløp, og er med det den maratonløparen
i Norge som har vunne flest løp. Det er også eit spørsmål om det er nokon
i heile verda som har så mange approberte maratonsigrar som Hafsås.
Det var første gong Hareid I.L. lokka deltakarane med pengepremiar. For
nye løyperekordar var premien 3.000,- (heil) og 2.000,- (halv), medan
årets vinnarar fekk 2.000,- (heil distanse) og 1.000,- (halv).

På den fulle distansen merka ein seg også eit godt løp av Robert
Gulbrandssen, som med tida 2.49.23 sprang seg inn på 3.-plass i
NV-rankingen.
Vinnar i NV Maraton for kvinner vart Ann Karin Alnes, Giske, som sprang
frå Runde til Hareid på 3.57.40 i sitt aller første maratonløp.
Over halv distanse vart Ingunn Eikrem Olsen, Hasundgot, vinnar blant
kvinnene på 1.40.31 - medan Sverre Brunstad, Velledalen, vann halv
distanse for menn på 1.20.17.
Verdt å merke seg frå resultatlistene er også veteranen Leif Feøy frå
Ålesund, som sprang frå Runde til Hareid på sterke 3.26.23 - ein solid, ny
rekord i klasse 70-74 år!

Årets Nordvest Maraton samla 18 deltakarar på full distanse og 16 på halv.
Det var første gong full distanse samla fleire deltakarar enn halv.
Løpstraséen går over fire øyar i det sunnnmørske arkipelet og inkluderer
fleire bruer og tunnelar. Veret under årets løp var svært variert med både
regnbyger og solgløtt.

Hareid I.L. har elles no utarbeidt ein del statistikk for løpet, både Topp
100-lister og 10-på-topp-lister i dei ulike klassene. Desse vil bli
utlagde på eigne internettsider om ikkje lenge.

Inge Asbjørn Haugen frå
Hornindal slo sin eigen rekord når det gjeld antal maratonløp her i
landet. Han er oppe i 289 løp - og for kvart løp slår han sin eigen
norgesrekord.
Helge+Hafs%E5s+har+lagt+bak+seg+Runde%2C+Rem%F8ya+og+Lein%F8ya.+Her+er%0D%0Ahan+p%E5+drikkestasjonen+i+Dragsund+p%E5+Gursk%F8ya+-+ca+19+km+fr%E5+m%E5l.+Gunnar%0D%0AAursnes+er+alt+i+ferd+med+%E5+leite+fram+mobiltelefonen+for+%E5+melde+fr%E5+til%0D%0Asekretariatet+om+Hafs%E5s+sitt+h%F8ge+tempo.+++%0D%0A
Helge Hafsås har lagt bak seg Runde, Remøya og Leinøya. Her er han på drikkestasjonen i Dragsund på Gurskøya - ca 19 km frå mål. Gunnar Aursnes er alt i ferd med å leite fram mobiltelefonen for å melde frå til sekretariatet om Hafsås sitt høge tempo.